Stykket er skrive av Espen Rolstad og musikken er laga av Jonas Myklebust Lima. Då prosjektet tok til, var det med Nora Nikolaisen som regissør. Midtvegs i øvingsperioden såg ho seg nøydd til å seie frå seg jobben. Det sette oss i ei knipe, men me var heldige og fekk med oss Frøydis Flotve og Veronika Flotve Røssland, som har regissert for oss tidlegare og kjenner dei fleste aktørane godt. Øvingane og oppsetjingane gjekk difor etter planen, men det kosta oss ein del meir enn det me opprinneleg hadde budsjettert med.
I alt var det tjueto skodespelarar med, sytten born og fem vaksne, i alderen frå åtte til syttitre år.
I tillegg deltok fem medlemmer frå Tysnes Husflidslag i utarbeiding av kostyme, to frivillige stod for sminke og scenearbeid, fem lagde kulissar og rekvisita.
Denne gongen hadde me ein ny lærling på lyd og lys. Dette er ein ungdom som går i 7. klasse, og som har stor interesse for fagfeltet. Han er elev på kulturskulen nettopp innan dette faget, så dette er nok ein person me vil ha stor nytte av i åra som kjem. Han har styrt lyden for oss på alle øvingane no i haust, og han var med innleigde Fusa Lyd og Lys på alle framføringane. Øvingane tok til i slutten av august, fyrst med ei øving i veka, men på slutten vart det både to, tre og fire øvingar i veka. Øvingane og framsyninga vart denne gongen haldne i Grendatun.
Me er særs nøgde med oppsetjinga, og tilbakemeldingane frå publikum er mange og gode. I alt vart det seld 302 billettar til dei tre framsyningane. Det er nesten tre fulle hus!
Billettinntektene er låge samanlikna med kostnadane våre, men me har vald å halda prisane på eit nivå der alle som ynskjer å sjå på teaterframsyningane våre skal ha råd til det. Tysnes Kraftlag speler difor ei særs viktig rolle for å mogleggjera forestillingane våre.
Tysnes Teaterlag er altså, som rekneskapen viser, framleis avhengig av støtte for å setja opp teaterstykka våre. Me er svært takksame for bidraget frå Tysnes Kraftlag, og håper på at de vil halda fram med å støtta prosjekta våre.
Me vil fortsetja med å vera ein positiv bidragsytar til kulturlivet på Tysnes. No ser me framover mot nye prosjekt som kan engasjere unge og vaksne tysnesingar, både som aktørar, medhjelparar og tilskodarar. Allereie våren 2025 står neste store oppsetjing for tur, då er det Spelet om Olavsgildet som skal oppførast i kulturkyrkja på Onarheim for tredje gong.
Nok en gong – tusen hjarteleg takk for støtta til Tysnes Teaterlag.
Med venleg helsing
Tysnes Teaterlag
Kjetil Totland
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes