Mandelhuset Eigendom - Arbeid med reguleringsarbeid

Patrick Russell Madsen • February 9, 2025

Sluttrapport – Støtte til planarbeid for hotellutvikling

Innleiing

Mandelhuset Eigedom AS søkte i februar 2024 om støtte til planarbeid knytt til etablering av eit hotell i Våge. Me fekk tilsagn på kr 75 000,- frå Tysnes Kraftlag, noko me set stor pris på. Denne rapporten skildrar framdrifta i prosjektet, utført arbeid, kostnadsoversikt og stadfestar at reguleringsplanen no er sendt til Tysnes kommune for vidare handsaming.

Utført arbeid

Gjennom det siste året har me arbeidd med detaljregulering av området der Mandelhuset driv restaurant i dag. Målet har vore å leggje til rette for hotellutvikling som kan styrkje reiselivstilbodet i kommunen og sikre fleire arbeidsplassar.

Arbeidet har omfatta:

• Utarbeiding av planinitiativ og gjennomføring av oppstartsmøte med Tysnes kommune.

• Samarbeid med arkitekt og fagkonsulentar for å utarbeide reguleringsplanen.

• Involvering av Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS og Grung Arkitektur AS for teknisk og arkitektonisk rådgjeving.

• Innsending av reguleringsplan til Tysnes kommune for vidare sakshandsaming.

Reguleringsarbeidet har vore ein nødvendig prosess for å sikre ei forsvarleg og føreseieleg utbygging av eit framtidig hotell. Planen inneheld reguleringsføresegner og kartgrunnlag som legg til rette for utbygginga.


Kostnadsoversikt

Under følgjer ei oversikt over faktiske kostnader i samband med reguleringsarbeidet:


• Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS

o 2024: Kr 263 582,- eks. mva (Kr 329 477,50 inkl. mva)

o 2025: Kr 27 500,- eks. mva (Kr 34 375,- inkl. mva)


• Grung Arkitektur AS

o 2024: Kr 61 200,- eks. mva (Kr 76 500,- inkl. mva)

o 2025: Kr 3 400,- eks. mva (Kr 4 250,- inkl. mva)


• KYSTARBEID AS

o 2024: Kr 68 306,25 eks. mva (samla beløp)


Total kostnad for reguleringsarbeidet: Kr 424 988,25 eks. mva (Kr 518 609,25 inkl. mva)


Denne delen av prosjektet er no fullført og innsendt til kommunen. Videre blir det å venta til høyringsrundane er ferdig og vonleg starta på arbeidet rundt finansiering.


Takk til Tysnes Kraftlag


Me ønskjer å rette ei stor takk til Tysnes Kraftlag for støtta på kr 75 000,-. Bidraget har vore med på å sikre gjennomføringa av dette viktige planarbeidet. Dette er eit prosjekt som vonleg vil ha stor verdi for Tysnes, både gjennom auka næringsaktivitet, nye arbeidsplassar og eit styrka reiselivstilbod.


Me ser no fram til vidare sakshandsaming i kommunen og håpar at dette kan legge grunnlaget for realisering av hotellet i framtida.


Med venleg helsing, Patrick Madsen Dagleg leiar, Mandelhuset Eigedom AS

By Henrik Aakre April 23, 2025
Nye golv i Grendatun
By Morten Nordal March 21, 2025
Varmepume er ferdig montert og teken i bruk i varmestova vår ved skianlegget. Dette sørger for redusert bruk av energi til oppvarming og er eit flott enøk tiltak. Takk for støtta.
By Jon I. Skjolde March 14, 2025
Det nye O- kartet er no ferdig og klart til bruk. Første arrangement blir Finn Fram dagen no i påska og orienteringsløp i Sunnhordlandsrankingen i mai. Takk for støtta.
By Lars P. Epland March 14, 2025
Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.
By Torstein Hatlevik February 27, 2025
Me fekk enøkrapporten og valgte å starte med tiltaka som ga mest effekt, det var varmepumper for å minske bruk av straum til oppvarming. Takk for støtta.
By Jorunn Vonheim Grahl February 20, 2025
RIL er veldig takknemlig for støtten. Rastebord er kommet på plass, basketballplate med kurv er montert. Matter og baller er allerede i bruk til småbarnstrim og trim for voksne formiddag og ettermiddag.
By John Arvid Kleppe February 18, 2025
Laging av voll mellom standplass og skiver. Reparasjon og oppdatering av kontainer. Prosjektet er ferdigstilt.
By Øystein Flakke February 9, 2025
Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.
By Torstein Fjeldet Lunde February 9, 2025
Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!
By Torstein Fjeldet Lunde February 8, 2025
21.07.24 - 27.07.24 reiste Njardar/Tysnes til Dana Cup representert ved Gutar 15 og Jenter 17. Totalt 30 spelarar i alderen 14 - 17 år var med og bidrog til at Njardar/Tysnes stillte i Dana Cup. Laga vart innlosjert i leiligheter i Blokhus med kostnad kr 5350 pr spelar og me er svært takksame for den økonomiske støtta Tysnes Kraftlag bidrar med til at me kunne reisa. Begge lag speler 11ar fotball og gjorde det svært godt til å vera ein så liten breiddeklubb som me er. Jentene tok seg vidare til 8-dels finale i A-sluttspelet, medan gutane kom til kvartfinale i B-sluttspelet. I tillegg til det sportslege, er ein slik tur viktig for samhaldet blant ungdomane våre. Spelarane budde i eigne leiligheiter, der dei sjølve måtte ta ansvar for kvarandre, lage mat, handle inn mat, fordele utgifter og halde orden. Dette gav eit enno betre samhald og denne sosiale delen er god identitetsskaping for dei unge tysnesingane.  Klubben vonar og har tru på at denne veka i Danmark har gitt dei eit minne for livet, slik at når fleire snart skal flytte på seg for utdanning og jobb, vil hugse opplevinga som Njardar/Tysnes har gitt dei og at dei i framtida har lyst å flytte tilbake til Tysnes. I tillegg til spelarar og leiarar, var det mange tilreisande tysnesingar som hadde tatt turen til Dana Cup for å heia. Om lag 80 tysnesingar var på det meste samla på cupen.
Les meir