Valnemnda i Tysnes Kraftlag AS vil med dette varsla om oppstart av arbeidet som er gitt gjennom instruks for valnemnd fastsett av generalforsamlinga i Tysnes Kraftlag AS den 27. mai 2019, oppdatert på generalforsamlinga 31. mai 2021.
Valnemnda skal avgi innstilling til generalforsamlinga om:
- Fem medlemmer og to varamedlemmer til styret med tenestetid på to år. For å sikra kontinuitet, skal valnemnda følgja ein metode som inneber at 2 styremedlemmer står på val eit år og 3 styremedlemmer neste år.
- Val av styreleiar med tenestetid på eitt år.
- Tre medlemmer til valnemnda med tenestetid på tre år, og framlegg på leiar med tenestetid på eitt år. For å sikra kontinuitet i valnemnda, skal berre eitt medlem stå på val kvart år – normalt det som har hatt 3 års tenestetid.
- Val av nestleiar for eitt år på bakgrunn av nytt styre.
- Honorarsatsar for styret i selskapet.
Sitjande styre for Tysnes Kraftlag AS er som følgjer:
- Styreleiar Einar Watne, 2024-2025, På val
- Styremedlem Lena Vermedal, 2024-2026, Ikkje på val
- Styremedlem Marte Gaugstad Birkeland, 2023-2025, På val
- Styremedlem Hans Tore Brekke, 2023-2025, På val
- Styremedlem Øyvind Hope, 2024-2026, Ikkje på val
- Nestleiar Lena Vermedal, 2024-2025, På val
- 1. varamedlem Britt Ersvær, 2023-2025, På val
- 2. varamedlem Terje Instøy, 2024-2026, Ikkje på val
Sitjande valnemnd for Tysnes Kraftlag AS er som følgjer:
- Medlem Elisabeth M. Skaten, 2022-2025, På val
- Medlem Karsten Heldal, 2023-2026, Ikkje på val
- Medlem Inge Malkenes, 2024-2027, Ikkje på val
Framlegg om kandidatar til styreverv og medlem i valnemnd
Valnemnda ber om at aksjeeigarar i Tysnes Kraftlag AS kjem med framlegg til kandidatar oppfyller dei krav som følgjer av selskapet sine vedtekter. Kandidatane som ein kjem med framlegg om, må vera spurt om dei er villige til å ta på seg vervet.
For at ein skal sikra kvalitet i arbeidet med valnemnda si innstilling, må framlegg til kandidatar innehalda følgjande:
- Type verv
- Namn, bustadadresse, alder og kontaktinfo (tlf/e-post)
- Relevant bakgrunn/kompetanse
- Kort utgreiing av kva kandidaten kan tilføra selskapet
- Referansar, jobbrelatert og/eller frå friviljuge verv/arbeid
Fristar og framdrift
Valnemnda ber om framlegg til kandidatar
innan 20. april 2025. Innspel må sendast på epost til Elisabeth M. Skaten,
elskat@gmail.com
eller pr. post til Tysnes Kraftlag AS, c/o Tysnes Breiband, Teiglandsvegen 7, 5680 TYSNES. Valnemnda vil starta gjennomgang og forarbeid av innstilling til generalforsamling frå veke 16.