Opdal Ungdomslag - Oppgradere golv i Grendatun
Nye golv i Grendatun
No har Opdal Ungdomslag fått fiksa opp ca 300m2 golv.

Det er Isaac og Annja frå Servisealliansen AS som har gjort jobben med Oppskuring og polishbehandling.
Arbeidet tok til 8 mars og blei avslutta 22. Arbeidet / areala har blitt delt opp i tre steg / områder som er tatt i tur og orden.

Nokre av dugnadsgjengen
Medlemmer i OUL har saman med dagsenteret teke del i arbeidet med å rydde bort møbler og utstyr for kvart steg og flytte ting attende.
Til saman har dette blitt seks flytteoperasjonar / dugnader.
OUL er svært nøgd med resultatet og takkar Tysnes Kraftlag og dei som deltok i prosjektet og gjorde dette mogleg.

Stålbeslag innafor dør.
I forkant av dette blei det montert stålbeslag innfor to dører fordi belegget var skada.
Trinn 1 dekka område på kafé, indre vestibyle forlenga mot trappehus nord i 1 etasje.

Kafé

Indre vestibyle.
Trinn 2 dekka område på dagsenter sør, korridor med rapo og kjøkken 2 etasje.

Korridor 2 etasje

Stove dagsenter sør 2 etasje
Trinn 3 dekka område på dagsenter nord, med gang og kontor 2 etasje.

Stove dagsenter nord 2 etasje

Gang til stove dagsenter nord 2 etasje



