Njardar/Tysnes - Regy-cup 2023
Torstein Fjeldet Lunde • February 9, 2025

Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag.
17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk.
Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane.
Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida!
Tusen takk for støtta!

Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.

Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.

21.07.24 - 27.07.24 reiste Njardar/Tysnes til Dana Cup representert ved Gutar 15 og Jenter 17. Totalt 30 spelarar i alderen 14 - 17 år var med og bidrog til at Njardar/Tysnes stillte i Dana Cup. Laga vart innlosjert i leiligheter i Blokhus med kostnad kr 5350 pr spelar og me er svært takksame for den økonomiske støtta Tysnes Kraftlag bidrar med til at me kunne reisa. Begge lag speler 11ar fotball og gjorde det svært godt til å vera ein så liten breiddeklubb som me er. Jentene tok seg vidare til 8-dels finale i A-sluttspelet, medan gutane kom til kvartfinale i B-sluttspelet. I tillegg til det sportslege, er ein slik tur viktig for samhaldet blant ungdomane våre. Spelarane budde i eigne leiligheiter, der dei sjølve måtte ta ansvar for kvarandre, lage mat, handle inn mat, fordele utgifter og halde orden. Dette gav eit enno betre samhald og denne sosiale delen er god identitetsskaping for dei unge tysnesingane. Klubben vonar og har tru på at denne veka i Danmark har gitt dei eit minne for livet, slik at når fleire snart skal flytte på seg for utdanning og jobb, vil hugse opplevinga som Njardar/Tysnes har gitt dei og at dei i framtida har lyst å flytte tilbake til Tysnes. I tillegg til spelarar og leiarar, var det mange tilreisande tysnesingar som hadde tatt turen til Dana Cup for å heia. Om lag 80 tysnesingar var på det meste samla på cupen.