By Torstein Fjeldet Lunde
•
February 8, 2025
21.07.24 - 27.07.24 reiste Njardar/Tysnes til Dana Cup representert ved Gutar 15 og Jenter 17. Totalt 30 spelarar i alderen 14 - 17 år var med og bidrog til at Njardar/Tysnes stillte i Dana Cup. Laga vart innlosjert i leiligheter i Blokhus med kostnad kr 5350 pr spelar og me er svært takksame for den økonomiske støtta Tysnes Kraftlag bidrar med til at me kunne reisa. Begge lag speler 11ar fotball og gjorde det svært godt til å vera ein så liten breiddeklubb som me er. Jentene tok seg vidare til 8-dels finale i A-sluttspelet, medan gutane kom til kvartfinale i B-sluttspelet. I tillegg til det sportslege, er ein slik tur viktig for samhaldet blant ungdomane våre. Spelarane budde i eigne leiligheiter, der dei sjølve måtte ta ansvar for kvarandre, lage mat, handle inn mat, fordele utgifter og halde orden. Dette gav eit enno betre samhald og denne sosiale delen er god identitetsskaping for dei unge tysnesingane. Klubben vonar og har tru på at denne veka i Danmark har gitt dei eit minne for livet, slik at når fleire snart skal flytte på seg for utdanning og jobb, vil hugse opplevinga som Njardar/Tysnes har gitt dei og at dei i framtida har lyst å flytte tilbake til Tysnes. I tillegg til spelarar og leiarar, var det mange tilreisande tysnesingar som hadde tatt turen til Dana Cup for å heia. Om lag 80 tysnesingar var på det meste samla på cupen.