Tysnes Frivilligsentral, barnevernstenesta og NAV samarbeidde også i år om å samla inn pengar til mat og gåver til familiar og personar som trong litt ekstra hjelp i høve jul og julefeiring.
Me fekk støtte frå ulike lag, organisasjonar, bedrifter og frå private. I tillegg hadde me sett ut innsamlings-handlevogner i matbutikkane, sånn at folk kunne gje matvarer og andre daglegvarer i vognene.
Me var også fleire turer til Matsentralen i Åsane, og henta kring 500 kg mat.
Det blei kjøpt inn mat, daglegvarer og gåver frå lokale butikkar for totalt 42 000 kr.
Målet var at alle skulle få minst ein fullverdig julemiddag, og at alle borna skulle få ei gåve som stod høgt på ønskjelista.
Me delte ut mat- og gåvekassar til 33 familiar.
Ikkje uventa, har lista over dei som har trong for litt ekstra hjelp, auka i takt med generell prisauke.
Arrangørane la ned tilsaman 24 timar med dugnadsinnsats for å få kassane ut til alle før jul.
P.v.a. alle dei som mottok kjærkomen hjelp; Tusen hjarteleg takk.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes