No har OUL fått i hus lydanlegget. Det består av ein Soundbox4 som har batteritid på ca 40 timer på middels styrke og kan slik nyttast utan tilgang på straum.
Soundbox4 kan strøyme musikk eller lyd frå PC / telefon med god kvalitet
med hjelp av blåtannteknologi.
Dekker lagets behov i toget ved 17-maifeiringa og andre utandørs arrangement.
Det har også ein funksjon innandørs ved møter og konferansar.
Her er Sondbox4 kopla opp med mikrofon til ein talarstol
Det er tilpassa ein utstyrskoffert og i denne ligg det batteri, lader og bruksanvisningen for Soundboks4.
I same kofferten ligg det også ein mikrofon med leidning og eit sett med to trådlaus mikrofonar som kommunisere med ein signal sender/mottakar som pluggast i til boksen.
Dei trådlause mikrofonane + signal sender/mottakar må ladast.
Det er også bruksanvisning på korleis dette fungerer og kor ofte dei må ha tilsyn.
Bruksanvisning ligg i kassa.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes