Ettersom tidlegare elektronikk var moden for utskifting, valde Tysnes Skyttarlag å gå i gang med eit prosjekt for oppgradering av dette anlegget. Prosjektet starta opp med bestilling av nye skiver der levering av utstyr vart gjort i april/mai 2024.
Før skivene vart levert måtte me også ruste opp veg bort til 200m skivene, samt fikse kulefangar-vollen bak skivene. Dette arbeidet var det Runes Maskin AS som gjennomførte. Runes Maskin sponsa Skyttarlaget med 1 lass veg-grus.
Etter anbefaling frå leverandøren av dei nye skivene, Megalink, var planen å bytte ut kabelen som går mellom standplass og skivene. Dette viste seg å ikkje vere nødvendig ettersom kabelen som låg der var i god stand og kunne brukast videre.
Medlemmene i styret samla seg også nokon kveldar for å tilpasse rammeverket til skivene, samt tilpasse skivene. I tillegg kopla me opp den nye elektronikken på dugnad, slik at banen var klar til bane stemnet 24.mai. Med dette sparte skyttarlaget ein stor kostnad til innleie av ekstern hjelp. Totalt har Skyttarlaget jobba 75 timer dugnad til dette prosjektet.
Tysnes Skyttarlag kunne dermed ønske medlemmene velkommen til Banestemne med nye skiver, og kunne dette året stole på skiver og elektronikk og at skivene viste riktig treffpunkt. Dette er noko me har fått veldig gode tilbakemeldingar på av fornøgde medlemmer. 200m-banen er også blitt brukt mykje under jeger skyting av skyttarar som ønskjer å trene på andre hold enn 100m.
Styret vil til slutt på vegne av medlemmene takka Tysnes Kraftlag AS for støtta til dette prosjektet.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes