Tysdagen vart det jobba med 14 ulike land. Me laga kart, dans, film, brosjyrer, laga mat, veggavis, hårfletting m.m
Vaksenopplæringa i tillegg til åtte foreldre/vaksne søsken/bekjente hjelpte til både tysdag og onsdag.
På onsdagen rullerte elevan rundt i dei ulike klasseromma der dei fekk oppleve smak, lukt, dans, eritreisk kaffikoking, afghansk hennamaling, folkedrakter og utstillingar frå dei ulike landa.
Dagen blei avslutta med ei flott forestilling for alle der dei fekk vist fram kva dei hadde jobba med desse dagane.
Me opplever gjennom dette prosjektet å ha bidrege til auka forståing mellom ulike kulturar og land. Alt i alt eit særs vellukka prosjekt.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes