I mange år har bygdefolket i Uggdal sakna eit samlingspunkt 17-mai dagen. Uggdal Bygdalag arrangerte difor i år 17-mai feiring i Uggdal i etterkant av felles feiring i Våge. Vi visste ikke kor mange som ville koma (15?, 40?, 80?), men var optimister.
Timane som gikk med for å få dette til vart noko meir enn me hadde sett for oss.
Vi starta med kransenedlegging v Uggdal Kyrkje. Deretter i tog frå kyrkja til Mestringshusene, Omsorgssenteret og så til Grendatun.
I Grendatun var det mat å få, leiker for borna og tid for prat.
Vi serverte betasuppe, hotdog, kaker, kaffi, is og brus.
DETTE VART EIN SUKSESS - BYGDEFOLKET KOM
Rundt rekna var det 100-120 personer innom i Grendatun denne ettermiddagen. Borna kosa seg og praten gjekk.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes