Helga 26-28.05.2023 var Tysnes IL sitt Jenter 11 års lag på håndballfestivalene på Stord. Håndballfestivalen var arrangert over ei helg, derfor behov for overnatting. Den sosiale biten med ei slik helg er uvurderlig i en slik samanheng. Det å bu tett på kvarandre i eit klasserom ei heil helg slik, er med på å knyte sterke bånd som er viktig for utviklinga til desse jentene.
Sportsleg sett var håndballfestivalen ein siger for jentene. Dei både vant, spelte uavgjort og tapte kamper, men dei fekk rikelig med kampaktivitet noko dei har sakna sårt i koronatida. På tross av tapte kamper var det likevel god stemning i laget gjennom heile helga.
A-korta som jentene fekk, gav dei mulighet til å delta på blant anna program som innebar festival tog, fellesmåltid og diskotek. Dei fekk også mulighet for å knyte vennskapsbånd saman med andre lag frå andre klubbar, då det var over 400 lag samla denne helga.
Me er både audmjuk og glad for at Tysnes Kraftlag AS er ein god støttespelar for håndballen på Tysnes. Utan deira støtte til blant anna denne cupen, så hadde me nok ikkje hatt mulighet til å gjennomføre den, med den suksess den vart.
Tusen takk for støtta i denne store utgiftstida.
Mvh Jenter 11 og trener Linda N Fagerbakk.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes