Begge kulturbussane har no vore i bruk i fire månadar. So langt har dei vore ein suksess. Både kommunens einingar og lag og organisasjonar brukar bussane flittig.
Skule, barnehage, SFO og frivilligsentralen gjer seg regelmessig nytte av tilbodet, medan lag og organisasjonar har brukt dei til reiser til kampar og utflukter for lagsmedlemmar til andre klubbar eller sjåverdigheiter.
Siste nytt er at vi også kjem til å opne opp for at foreldre som skipar til noko for ei heil skuleklasse kan gjere seg nytte av tilbodet.
KOM MED MINIBUSS: Måndag ettermiddag kom flyktningane til Tysnes, i ein lånt kulturbuss av Tysnes kommune. (Foto: Sjur Andre Dalland)
PÅ STORD-TUR: Denne buketten av ungdomar var dei fyrste som fekk nytta seg av kommunen sitt nye kulturbuss-tilbod. Framme frå venstre: Camilla Matre Rosseland, Sabrina Naisha Vikanes Prevost og Maja Aase Bakkane. Bak frå venstre: Anny Edwards Souza Ferreira, Ingvil Vermedal og Milena Titoka. (Foto: Elin Bergesen)
NY MINIBUSS: Den fyrste av to kulturbussar er på plass framfor rådhuset. Arne Johnsen frå billeverandøren i Haugesund kunne onsdag ettermiddag rygga kulturbussen av tilhengaren. I dag torsdag er bussen på den fyrste turen. Foto: Ole Skaten
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes