Då er endeleg Lunde Pumptrack sykkelbane opna. Litt utfordrande oppstart, men med utsett frist til ferdiggjering kom me i mål med eit svært kjekt og etterlengta prosjekt.
Kommunen kunne ikkje stå som byggherre, og dermed påtok Lunde Bygdelag seg ansvaret for heile prosjektet. Det har me klart, og me har fått låne midlar til forskottering av MVA. Tomta vår viste seg å innehalda høgspentkabel og hovudvasslinja i Lunde. Kloakken som måtte leggjast om var me klare over, men det vart ei krevjande tomt. Det vart og behov for masseutskifting i heile tomta. Dette fiksa Tysnes Maskin for oss på dugnad.
Så med mange gode og fleksible hjelparar, har me komt i mål med banen, og den blei åpna 7.mai 2022.
Me valde å setja opp ein flott natursteinsmur i bakkant av pumptrack banen, då det viste seg å vera hensiktsmessig for framtida. Me vil etablera Lunde Bygdatorg i området, så heile området skal vidareutviklast.
Rekkje AS har vist seg å levera det me håpa på. Banen blir brukt av mange aldersgrupper, og er svært så populær. Så vil gjerne aktiviteten gå noko ned når «nyheita» har lagt seg, men dette vil likevel vera ein attraktiv møte- og leikeplass for framtida.
I samråd med grunneigar på Bakka, gjenstår det å setje opp gjerde mellom banen og matjord. Det pågår arbeid med drenering på hovudbruket. Det er sett av midlar i prosjektet til dette, og det er i bytte for avgitt areal.
Prosjektet er presentert i bladet Tysnes, Tysnesingen og på bygdaportalen vår. Det kjem og ein liten presentasjon i : terengsykkel.no
Me er svært takksam for at Tysnes Kraftlag har støtta oss i dette prosjektet. Det har gjort oss i stand til å kjøpa inn kompetanse til å byggja ein proff pumptrack bane i samarbeid med alle andre gode hjelparar.
Mvh
For Lunde Bygdalag
Øystein Flakke
Leiar
Her er ein liten billedserie som viser utviklingen frå prosjekt til realitet!
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes