Me hadde LAN for andre gong i Tysneshallen. Ungdom frå 7.-10. klasse var invitert. Denne gongen hadde me 30 plassar og det vart heilt fullt. Me hadde ulike turneringar og masse sosial speling og kahoot. Me brukte pengane fornuftig og me handla inn mat, brus og premiar. På grunn av støtta frå Kraftlaget så kan me ha LAN som eit gratis arrangement og det er veldig bra. Då har alle mulighet å delta.
Me ynskjer å fortsetja med arrangere LAN nokre gonger i året og vil etterkvart driva det mest mogleg sjølv. Me var med på å planlegga og organisera, me laga plakatar og søkte om støtte sjølv.
Me syns det er gøy med LAN fordi det er sosial speling og er gøy hobby for mange ungdommar og barn!
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes