Øykjaskoro Vel - Oppgradering av Klokkargarden leikeplass

Tysnes Kraftlag har støtta Øykjaskoro Vel med tilskot til oppgradering av Klokkargarden leikeplass, som var ca halvparten av dei totale kostandane ifm prosjektet. Det har blitt gjort store forbetringar på plassen. Det har blitt gjennomført gravearbeid for å utnytte tomta betre, og drenere den. I tillegg har det blitt kjøpt inn og montert nye, flotte leikeapparat, og køyrd til fallsingel for at det skal vere eit trygt underlag som er godkjent for leikeplassbruk. Leikehytta har blitt flytta på, og det har blitt montert gjerde og port for å sikre barna som leikar på leikeplassen mot trafikken som køyrer forbi. Oppgraderinga av leikeplassen har vore eit omfattande prosjekt, og det har vore ei
delfinansiering frå andre aktørar som SIM, Ildsjelefondet og Tysnes Kommune. Me er svært takksame for støtta Tysnes Kraftlag har bidrege med, og me håpar at mange barn vil få gleda av leikeplassen i framtida!
ØV er eit lite lag som brenn for nærmiljøet i området Våge- Lande- Teigland. Laget har ikkje så høg aktivitet, men me har nokre faste arrangement som me engasjerer oss i, som t.d. Jonsokfeiring. I tillegg driv me ein del dugnad, ved å vedlikehalde bygga som laget eig, kvilehytta på Korsfjorden, lysthuset ved Øykjaskoro, og elles dugnad rundt leikeplassen og på Tysnesfest. Dei siste åra har aktivieteten vore ein del høgare, då me har sett stort fokus på oppgradering av Klokkargarden leikeplass. Inntektene i form at støtte til prosjektet har derfor vore høgare den siste tida, i likskap med høgare utgifter til arbeidet som har blitt utført der.


