Bygdalaget har montert varmepumpe i kulturstova ved Lunde senter. Utedel først montert i gulvhøyde delvis ute. Utedelen flytta inn under tak opp i høyden. Dette er ein bedre installasjon. Rimelig varme bidrar til opne dørar på denne viktige møteplassen.
Tiltaket er støtta 50% av Tysnes Kraftlag.
Lunde Bygdalag har i fleire år leigd kulturstova i tilknytning til Lunde Senter. Den held me åpen gratis på dagtid, og det er ein god innadørs møteplass i bygda. Kulturstova er oppvarma berre med straum. Me betaler ei lav leige for bygget, men no har dei høge straumprisane satt press på økonomien. Me fryktar at me må stengja stova på dagtid gjennom vintaren. Styret i Lunde bygdalag valde på styremøte før jul, å instalere ei varmepumpe i lokalet. For på denne måten å få kontroll på straumforbruket, og fortsatt halda stova åpen for alle. Me set stor pris på at kraftlaget etter søknad, støttar oss med 50% til tiltaket. Det hjelper oss å sikra at kulturstova forblir ein åpen møteplass i bygda.
Vedlagt er bilder av tiltaket. Me vil henga opp skilt som syner støtte frå Tysnes Kraftlag.
Mvh
Øystein Flakke
Leiar Lunde Bygdelag.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes