Framsyninga er basert på manuskriptet som vart laga av Johanne Øvstebø Tvedten i samband med 100-årsjubileet til Johannes Heggland i 2019. Denne gongen hadde ho ikkje anledning til å vera med, og me tok kontakt med Vestlandske Teatersenter, som sette oss i kontakt med Frøydis Flotve.
Stykket har vore eit stort løft for det nystarta teaterlaget. 10 born og 16 vaksne skodespelarar, i alderen frå 7 til 71 år, brassband med 7 medlemmar, husorkester på 4 personar, kor på 16 personar, dirigent/musikalsk leiar, regissør og to prosjektleiarar. I tillegg deltok 8 på kostyme og sminke. Me hadde dessutan parkeringsvakter og billettkontrollører, samt konferansier. Dette er personar som kjem frå heile øyo.
Lyd og lys var levert av Fusa Lyd & Lys.
Totalt vert dette ein stab på nærare 80 personar.
Øvingane tok til i byrjinga av februar, med ei øving i veka på Tysnes skule. Fyrste øving i Onarheimskyrkja var rett før påske. Dei siste to vekene før framsyninga var det øving fleire gongar i veka, og heile helgene.
Alle me som var med, er strålande nøgde med oppsetjinga, og tilbakemeldingane frå publikum viser at dette vart ein stor suksess.
Me selde i alt 430 billettar til dei tre framsyningane, til ein samla sum på kr 132.350. Budsjetterte utgifter var på ca kr. 290.000. Med andre ord hadde me ikkje vore i stand til å gjennomføre dette prosjektet utan stønaden frå dykk. Me er svært takksame for at de ser verdien av at dette kulturhistoriske spelet vart sett opp på nytt.
Me ynskjer å vera ein positiv bidragsytar til kulturlivet på Tysnes. Vidareføringa av Spelet om Olavsgildet førte til at Tysnes Teaterlag vart stifta 2019. No ser me framover mot nye prosjekt som kan engasjere unge og vaksne Tysnesingar, både som aktørar og tilskodarar.
Nok en gong – tusen hjarteleg takk for støtta til Tysnes Teaterlag og Spelet om Olavsgildet.
Med venleg helsing
Tysnes Teaterlag
Kjetil Totland
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes