Tysnes Skulekorps takkar for støtta me fekk i høve Nm deltagelsen i stavanger 2023
Tysnes skulekorps deltok i 2. divisjon Nm Brass for skulekorps
Fredag 23. juni reiste 27 musikanter til Stavanger med buss. I tillegg var det med 12 vaksne pluss dirigent.
Me kjørte til Tananger der me hadde leigd øvingslokale. Der øvde me og åt pizza før me drog på hotellet.
Skulekorpset hadde tidlig speletidspunkt på laurdagen, så me var tidlig til frokost. Dei hadde ei fantastisk gjennomføring på scenen i Fartein Valen salen i Stavanger Konserthus! Publikum satt med tårer i augene og frysninger.
Me deltok i 2. divisjon og der er nivået skyhøgt, så sjølv om plasseringa blei ein delt 8.plass er me veldig nøgd med prestasjonen!
Etter spelinga høyrde me på ein del andre korps før det var litt fritid. På Ettermiddagen samlast me til middag på Egon og gjekk derifrå til festekonsert.
Søndag var heimreisedag, men me var ein tur innom kongeparken før me reiste heim.
Denne vart ei fin avslutning av sesongen og ein slik tur gjer samholdet i korpset enno sterkare. Alle øver mot eit felles mål, alle er like viktige for å få dette til. Aldersspennet i skulekorpset går frå 10 – 20 år, og her er alle i saman. Dei eldste tar seg av dei yngste og det er ein samansveisa gjeng, på tvers av alder.
Skulekorpset er svært takksam for støtta me fekk av kraftlaget. Desse pengane gjekk direkte til avtrekk på reiserekninga til den enkelte medlem. Dette var med på å gjere turen rimeligare.
For Tysnes skulekorps
Else M Særsten
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes