Arrangementa under paraplyen til Tysnesfest UNG har vore ein enorm suksess, og omtrent alle arrangementa har enten vore fullbooka, eller svært godt besøkt. Det har elles vore svært kjekt å ha med Tysnes Ungdomsråd på laget, og dei har storkosa seg med arbeidet.
Profilering av Tysnes Kraftlag: Her har me ein del å gå på, men me har fått fram bodskapen til dei aller fleste trur eg. Det har hengt banner som er veldig synlig ved inngangen til Bermudateltet (hang fyrste dagen på bakveggen, men blei flytta slik at det skulle bli meir synlig.
I 6000 programfalderar, samt i Sommaravisa på 50 000 eks har det stått «Tysnes Kraftlag presenterer Tysnesfest UNG»
Det har vore utfordrande å få redaksjonell omtale av at Tysnes Kraftlag er sponsor for dette arrangementet. Kvar gong eg har vore intervjua har eg poengtert at me ikkje hadde fått dette til utan TKL AS, men enn så lenge har eg berre funne det på trykk i denne saka:
https://www.tysnesbladet.no/oypuls/kickstartar-festivalen-med-utekonsert-i-kjevikjo/
«Bidragsytarar under Tysnesfest UNG er mellom anna klovnane Susu og Mumu, tryllekunstnar Geir Eikenes, kulturverksemda ZingZang og artistar som Capow x 2g, Kris André og MGPjr-deltakarane Lisa og Tobias.
For å få på plass dei største namna, har Tysnesfest fått støtte frå Tysnes Kraftlag.
– Me hadde ikkje fått til dette utan den støtta, seier Vaage.»
Nokre saker som Bladet Tysnes har skrive om Tysnesfest UNG:
https://www.tysnesbladet.no/oypuls/unge-frivillige-det-er-veldig-goy/
https://www.tysnesbladet.no/oypuls/susu-og-mumu-trekte-fullt-hus-pa-drange/
https://www.tysnesbladet.no/oypuls/det-er-den-beste-musikken-ein-kan-finna-i-noreg/
Utan hjelpa me har fått frå Tysnes Kraftlag AS hadde me ikkje kunna tilby alle desse programpostane, og me set umåtelig pris på støtta me har fått!
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes