Ny 60 meter gjestebrygge i Lunde hamn.
Det blir i desse dager lagt ut ny gjestebrygge i Lunde hamn. Den gamle 30 meter lange gjestebrygga fra 1986, var moden for utskifting. Lunde Båtlag og Lunde bygdelag, har gjort avtale om den nye brygga. Båtlaget har båser for sine medlemmer på eine sida, og bygdelaget står for gjestebrygge delen på andre sida. Det er Lunde båtlag som har om søkt prosjektet og legg ut den nye brygga.
Lunde Bygdelag søkte økonomisk støtte hjå Tysnes kommune i 2021. Dette fann politikarane midlar til, og støtta oss med 180000kr. Tysnes kraftlag har så støtta gjestebrygga med 180000kr, og me har totalt fått 360000kr til å finansiera den nye gjestekaien.
Det blir straum, vatn og belysning på den nye brygga. Gjestebrygga er gratis for dagsbesøkjande slik den gamle brygga har vore det. Det vert vanleg hamneavgift for overnattings gjester, og det er Lunde båtlag som organiserer vedlikehald og innkreving av hamneavgift.
Det er trongt i Lunde Hamn, men med den nye lange gjestebryggja, vert det plass til fleire båtgjester, og ein kan tilby moderande fasilitetar.
Stor takk til kommune og kraftlag som har finansiert den nye gjestebrygga vår! Me vil og takka Lunde båtlag som gjennom samarbeid gjer dette mogleg.
Så vil me gratulera Lunde Hamn med ny gjestebrygge for alle.
Mvh styret Lunde Bygdelag.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes