Endelig, etter 3 år, kunne 30 musikantar frå Tysnes Skulekorps, sette kursen mot Stavanger for å delta på NM Skolekorps brass. Då det var lenge sidan sist NM var det mange førstereis musikantar med litt ekstra sommarfuglar i magen. Korpset deltok i 3.divisjon på digital NM i 2021 og enda på 2. plass og var difor kvalifisert til å delta i 2.divisjon i år, saman med 9 andre korps.
Oppkøyringa til NM var tidvis krevjande og intens med øvingar både gjennom seminarhelger og ikkje minst daglege øvingar veka før NM-helga.
NM Skolekorps brass vart gjennomført laurdag 25. juni i Stavanger. Tysnes Skulekorps har lange tradisjonar for å delta på NM Skulekorps brass i Stavanger og konkurransen er årets høgdepunkt både for musikantar, dirigent og ikkje minst foreldre. Konkurransen bidrar til positive og utviklande korpsopplevingar der langsiktig, måltretta og nitidig øving blir presentert for publikum og dommarar.
I tillegg til sjølve konkurransen gjer deltakinga i NM unike muligheter for å oppleve andre korps, noko som vidare kan gje grunnlag for begeistring og inspirasjon for vidare innsats. Fellesskap og nettverksbygging er andre stikkord.
Korpset reiste med buss til Stavanger fredag 24.juni, med øvingar både før avreise og etter ankomst Stavanger. I år fekk dei spela i sjølvaste Fartein Valen salen i Stavanger konserthus og konkurransen vart avslutta med høgtidsstemt festkonsert der alle musikantane deltok og resultata av konkurransen vart presentert. Tysnes Skulekorps enda på 5.plass med 89 poeng, 6 poeng under vinnaren av divisjonen, Skodvin skulemusikk. Dette er det beste resultatet korpset nokon gong har oppnådd og både musikantar og dirigent var særs nøgde med resultatet.
Søndag var det tid for sosialt samvær før heimreise og formiddagen vart nytta i Kongeparken.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes