Call Us +1-555-555-555

Stønad til køyreutstyr

Gaute Eide Bergstø • October 10, 2022

Det har vore eit langt år siden eg anskaffet meg bilen og byrja prosjektet 20 januar i år, medan det og har gått så fort mellom dei ulike treffa. Eg vil berre byrje med å takke kraftlaget for støtta i år, denne støtta/sponsen var til god hjelp til å kunne fokusere dei midlane eg hadde til å få bilen ferdig medan eg kunne få tak i trygt køyreutstyr. 


Årets fyste arrangement var E30MEET på Noregs nyaste motorsports anlegg i Sokndal mellom Egersund og Flekkefjord. Selv med litt forsinket køyre start pga litt gjenstående elektrisk arbeid, så starta bilen til liv for fyste gong Laurdags morning på E30MEET. Bilen vart kjørt nokre runder i depoet før den gjekk gjennom teknisk og me kunne ta oss nokre runder på banen. Dei fyste rundene var rolege og var for å bli kjent med bilen. Så var det rett i Breisladd konkuransen, Fyste omgang spant eg ut og slapp heldig unna veggen. Medan andre omgang klarte eg å få eit bra «run» gjennom løypa. Selv om eg ikkje gjekk vidare så var det mykje interesse rundt bilen og om kva Tysneskraftlag og Tysnesfest var.
 
Det andre arrangementet me deltok på var Dieseldriftweekend 2022 på Grenland Motorsport Senter i Skien. Her var me fyst ut på banen og bilen funket uten problem. Her vart det veldig mykje køyretid som hjalp veldig på å få trent og bli kjent med bilen. I Dieselsladden 2022 så sleit eg litt med å få bilen på den perfekte linja, men det er slikt som skjær. 
 


Årets siste arrangement Vart forandra i siste liten til å bli Kaupanger drift weekend som omtalt i Tysnesbladet. Så endeleg skulle bilen få komma «heim», ettersom den vart bygd i Kaupanger av ein ildsjelene bak arrangementet. Banen i Kaupanger er svært teknisk og kort om gav meg som førar mykje trening, og med gode tips frå lokale driftare så var raskt forbedring. Denne helgja var det litt fleire problem. Som at eg tok og gjekk litt dypt i svingen og deformerte bak skjermene, men det er ingenting ein sleggje ikkje kan fikse. Deretter sleit med lit med bremsene som ikkje funka, men etter å ha lufta bremsene så vart det løyst. Utenom dette bare gjekk og gjekk bilen og eg måtte egentlig bare inn for å bytte dekk før å la dei kjøle seg ned. 
 


Men etter mykje fri kjøring var det klart for Sognasladden 2022, fyste omgang var litt rottete av meg. Og eg gjorde meg klar for neste omgang, Fyste svingen var betre, men det var ikkje meint å bli då støtdemparen på førersido knakk og fekk bilen til å ville spinne rundt. Eg klarte å redde den inn at men det øydelagte for neste sving. Så når eg skulle legge om for siste sving førte dette til at bærekulen på bærebrua på den siden knakk og bilen la seg på buken. Her fant bærearmen og ut at den skulle ta og slå sprekke i girkassen som førte til lekkasje på kassen og helgens køyring var ferdig. Me fekk bilen på hengeren at og den er no trygt i garasjen medan arbeidet med å fikse bilen og forbetre den til neste år er i gong.
 
Tysnes Kraftlag fekk logoen sin på montert panseret slik at alle såg det når dei kom og studerte bilen for å finne ut kva motor det var i den då diesel motoren trakk mykje folk som var nyfikne. Eg vil igjen takke veldig for støtta/sponsinga og håper me kan fortsette dette samarbeidet og at me og kan bruke dette til å få fram andre Tysnes talent innen motorsport og.
 
 

By Jorunn Vonheim Grahl February 20, 2025
RIL er veldig takknemlig for støtten. Rastebord er kommet på plass, basketballplate med kurv er montert. Matter og baller er allerede i bruk til småbarnstrim og trim for voksne formiddag og ettermiddag.
By John Arvid Kleppe February 18, 2025
Laging av voll mellom standplass og skiver. Reparasjon og oppdatering av kontainer. Prosjektet er ferdigstilt.
By Patrick Russell Madsen February 9, 2025
Sluttrapport – Støtte til planarbeid for hotellutvikling
By Øystein Flakke February 9, 2025
Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.
By Torstein Fjeldet Lunde February 9, 2025
Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!
By Torstein Fjeldet Lunde February 8, 2025
21.07.24 - 27.07.24 reiste Njardar/Tysnes til Dana Cup representert ved Gutar 15 og Jenter 17. Totalt 30 spelarar i alderen 14 - 17 år var med og bidrog til at Njardar/Tysnes stillte i Dana Cup. Laga vart innlosjert i leiligheter i Blokhus med kostnad kr 5350 pr spelar og me er svært takksame for den økonomiske støtta Tysnes Kraftlag bidrar med til at me kunne reisa. Begge lag speler 11ar fotball og gjorde det svært godt til å vera ein så liten breiddeklubb som me er. Jentene tok seg vidare til 8-dels finale i A-sluttspelet, medan gutane kom til kvartfinale i B-sluttspelet. I tillegg til det sportslege, er ein slik tur viktig for samhaldet blant ungdomane våre. Spelarane budde i eigne leiligheiter, der dei sjølve måtte ta ansvar for kvarandre, lage mat, handle inn mat, fordele utgifter og halde orden. Dette gav eit enno betre samhald og denne sosiale delen er god identitetsskaping for dei unge tysnesingane.  Klubben vonar og har tru på at denne veka i Danmark har gitt dei eit minne for livet, slik at når fleire snart skal flytte på seg for utdanning og jobb, vil hugse opplevinga som Njardar/Tysnes har gitt dei og at dei i framtida har lyst å flytte tilbake til Tysnes. I tillegg til spelarar og leiarar, var det mange tilreisande tysnesingar som hadde tatt turen til Dana Cup for å heia. Om lag 80 tysnesingar var på det meste samla på cupen.
By Torstein Fjeldet Lunde February 8, 2025
Hei, her kjem ei lita oppdatering frå Øystese cup. Me var totalt 38 spelarar og 9 vaksne som reiste innover helga 7.- 9. juni. Dette er ein flott overnattings-cup å reisa på for unge spelarar. Den er ikkje så stor, og alt ligg tilrettelagt i Øystese sentrum. Kort veg til banar og andre aktivitetar. Veldig god stemning både på og utanfor banen. Laga heia på kvarandre under kampane. Det var og mange som fekk seg nye bekjentskap frå andre lag. Alt i alt ei topp helg!
By Celine Lunde Rød February 4, 2025
15-17.mars 2024 hadde Skihyttelagetdugnad for å opna landskapet og rydda i skog som var til fare for bydningar på Ådnastegen. På 60-talet vart det planta rikelig med gran som skulle halda støle med ved, dette var no vokst seg stort og enkelte granar var til fare for dyr og folk som ferdast i området. Denne helga samla me ca 15 stk til dugnad, og det vart det hogge mange granar, kløyvd store mengder ved, som vart lagt i småsekker. Me fekk brent ein del greiner, som gjorde til at me fekk opna landskapet opp. Noko av granen vart nytta til å laga sitjegrupper i terrenget, desse kom godt med under familiedagar me har arrangert ila året. Me har hatt det riktig så triveleg tross lange arbeidsdagar. Prosjeket pågjekk utover sommaren. Tusen takk for støtta.
By Stein Olav Skaten February 4, 2025
Idrettslaget grusa opp veien inn til lysløypa for å kunne lage skiløyper med mindre mengder snø. 3 lass er levert ferdig utkjørt på veien, 2 lass er lagt på ei lomme langs veien til etterfylling der det vert behov
By Henrik Aakre January 28, 2025
No har OUL fått i hus lydanlegget. Det består av ein Soundbox4 som har batteritid på ca 40 timer på middels styrke og kan slik nyttast utan tilgang på straum. Soundbox4 kan strøyme musikk eller lyd frå PC / telefon med god kvalitet med hjelp av blåtannteknologi. Dekker lagets behov i toget ved 17-maifeiringa og andre utandørs arrangement. Det har også ein funksjon innandørs ved møter og konferansar. Her er Sondbox4 kopla opp med mikrofon til ein talarstol
Les meir
Share by: