Valfaget «Produksjon for scene» kjøpte inn kryssfinerplater for å kunne snekre sine eigen permanente kulissar. Det blei laga to sideplater med bakgrunnsmotiv, eit tosidig hus, der det var eit familiehus på eine sida og Nordpolen på andre sida. I tillegg til dette vart det snekra ein låve. Alle platene vart i år dekorerte med julemotiv, sidan stykket handla om jula, men til våren vil dei bli tilapssa til ei ny teaterforestilling. Dei vil anten bli måla om, elles så vil me måle ubleika lerret som kan festast utanpå eksisterande plater. Alt i alt vart det brukt mykje tid på å gjere desse ferdige, både når det gjeld snikkararbeid og måling, og me nytta skuletimar og dugnadstimar etter skuletid for å komme i mål. Både elevar og lærarar bidrog med dette arbeidet. Kulissane fekk gode støtter, etter same modell som vart nytta i teaterforestillinga til Tysnes teaterlag, så kulissane var lett å forflytte under bruk, og dei fungerte fint til føremålet. I tillegg er dei godt eigna til å stua vekk for lagring, så me ser lyst på framtidig bruk av desse.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes