Nye straumskap på Campen i Uggdal, i Våge Hamn og ved Gjerstad Arena.
Då Tysnes Kraftlag SA blei kjøpt opp av Eviny AS såg me ganske tidleg at det kom til å bli ganske store meirkostnader for Tysnesfest for å få straum til dei forskjellige arenaane våre. Me har derfor installert permanente straumskap i hamna i Våge, på campen i Uggdal samt på Gjerstad Arena.
Dette gjer at me har straum tilgjengelig utan å måtta betala dyrt for midlertidig byggestraum.
Ein anna fordel som kjem av arbeidet me no har gjort er at det står skap i Våge Hamn, på campen i Uggdal og på Gjerstad som kan nyttast av andre. Dette vart nytta seinast under dansegallaen som Tysnes Musikklag arrangerte der me leverte straum til bubilane gjennom vårt anlegg. Gjestande skip som har stort behov for straum i Våge kan og kjøpa straum av Tysnesfest.
Me takkar Tysnes Kraftlag AS for støtta!
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes