Foto: Atle Birkeland
Fredag 26.mai til måndag 29.mai deltok J15 på Handballfestivalen 2023 på Stord. Laget hadde med spelarar i alder fødd 2006- 2009, og spelte i pulje A 2006. Terje Sløgedal og Thea Sløgedal hadde det sportslege ansvaret, medan Arve Belt var med som praktisk ansvarleg. Dette var ei særs kjekk oppleving for både spelarar, lagleiar og andre foreldre som heia fram jentene på festivalen.
I dei innleiiande rundane spelte jentene seks kampar fredag, laurdag og sundag. Av desse kampane vart det to sigrar, ein uavgjort og tre tap. Dette resulterte med ein fjerdeplass på tabellen og jentene var klar til sluttspel måndag. Dei spelte ein god kvartfinale, men måtte gje tapt i semifinalen der dei møtte cupvinnaren Stord.
På vegne av Tysnes IL vil eg takke for støtta laget fekk til å delta på denne festivalen.
Mvh. Astrid Belt (Oppmann J15)
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes