«Klubbhuset» Myklestad ridebane før (oppe) og etter (nede)
Sluttrapport skildrar arbeidet som er utført for oppgradering av området Myklestad ridebane frå levert delsluttrapport (juli 2024) og fram til desember 2024. Me har no stort sett ferdig stilt arbeidet. Me legg ved alle faktura me har motteke og betalt etter dei allereie innleverte fakturaer samt dugnadsliste for timane juli – desember.
Parkeringsplass
Arbeidet med parkeringsplassen er ferdig. Det vart tilkøyrt ytterleg 10 lass med grus som vart jamna ut og planert med maskin og delvis frå hand. Eit lass vart plassert ved inngangen til området og skal fordelast mot inngangspartiet og bak brakken når vêrtilhøve tillate det. Dette er arbeidet som må utførast med trillebår.
Bildet av ferdig parkeringsplass
Sikring av området med nytt gjerde
Arbeidet med det nye gjerde er no ferdig. Dei innkjøpte grindporter er montert. Nokon av plankane er ikkje ennå beisa, pga. vêrtilhøve, men beisen er kjøpt inn og arbeidet vert sluttført når temperatur og nedbør tillate det.
Bildet av gjerde
Reperasjon av brakke
Det vart bestilt og betalt 2 nye vindauge som skal setjast inn når dei vert levert. Me forventar levering i veke 51 og arbeidet vert utført så snart som råd er.
Tysnes hestesportlag takker for støtte. Aktiviteten i laget har betrakteleg gått opp og me har allereie hatt mange fine arrangement på banen i år.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes