Call Us +1-555-555-555

Tysnes Frivilligsentral - Gjennomføring av seniortreff i 2024

Bente Raknes • December 20, 2024

Seniortreffa i 2024


Det har vorte arrangert fire seniortreff i 2024; 14.mars, 30.mai, 3.oktober og 28.november.


Arrangementskomitèen har hatt ei målsetjing om at kvart treff skal innehalda ein fagleg/aktuell del, eit kulturelt innslag og eit godt måltid mat med sosialt samver.


Det er god, og aukande påmelding til treffa (+/- 220 personar totalt på kvart treff). Me trur at det er viktig for mange at treffet finn stad i deira eiga heimbygd. Dette gjer at fleire, sikkert av fleire grunnar, kjenner seg trygge nok til å delta.


Ut frå tilbakemeldingar me får, veit me at desse treffa for mange er eit lyspunkt i kvardagen som gjev energi og ei kjensle av tilhøyr i lokalsamfunnet. Dette i seg sjølv har ein verdi som ikkje let seg måla i kroner og øre.


Støtta me får frå Kraftlaget, kommunen og banken, gjer at me kan gjennomføra treffa med høg kvalitet på alt, og samtidig halda eigenandelen/inngangpengane låge. Me har tatt 200 kr. pr. person med unntak av siste treffet der me tok 300 kr. På det siste treffet vart det servert god julemat til alle, i tillegg til at alle fekk vera med på sidersmaking. (Vanlegvis tar Åkre Gard 595 kr. pr. pers. når dei held foredrag m/sidersmaking på eigen gard. For oss senka dei prisen til 150 kr. pr.pers.)


Seniortreffa har blitt veldig populære, og i sin unike form, trur eg mange kommunar kan misunna oss desse.

For aktørane og arrangementskomitèen blir desse treff-dagane lange og hektiske, men alle smiler etterpå likevel. Det skuldast nok den responsen og gleda ein blir møtt med på kvar plass. Ein kjenner at dette betyr mykje for dei frammøtte, og det gjev energi til å forsetja.


Eg håpar at Kraftlaget ønskjer å gje si støtte til desse treffa no, og i framtida. Det har stor verdi for mange av våre seniorar i Tysnes.


Tysnes Frivilligsentral

v/ dagleg leiar

Bente Raknes


By Jorunn Vonheim Grahl February 20, 2025
RIL er veldig takknemlig for støtten. Rastebord er kommet på plass, basketballplate med kurv er montert. Matter og baller er allerede i bruk til småbarnstrim og trim for voksne formiddag og ettermiddag.
By John Arvid Kleppe February 18, 2025
Laging av voll mellom standplass og skiver. Reparasjon og oppdatering av kontainer. Prosjektet er ferdigstilt.
By Patrick Russell Madsen February 9, 2025
Sluttrapport – Støtte til planarbeid for hotellutvikling
By Øystein Flakke February 9, 2025
Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.
By Torstein Fjeldet Lunde February 9, 2025
Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!
By Torstein Fjeldet Lunde February 8, 2025
21.07.24 - 27.07.24 reiste Njardar/Tysnes til Dana Cup representert ved Gutar 15 og Jenter 17. Totalt 30 spelarar i alderen 14 - 17 år var med og bidrog til at Njardar/Tysnes stillte i Dana Cup. Laga vart innlosjert i leiligheter i Blokhus med kostnad kr 5350 pr spelar og me er svært takksame for den økonomiske støtta Tysnes Kraftlag bidrar med til at me kunne reisa. Begge lag speler 11ar fotball og gjorde det svært godt til å vera ein så liten breiddeklubb som me er. Jentene tok seg vidare til 8-dels finale i A-sluttspelet, medan gutane kom til kvartfinale i B-sluttspelet. I tillegg til det sportslege, er ein slik tur viktig for samhaldet blant ungdomane våre. Spelarane budde i eigne leiligheiter, der dei sjølve måtte ta ansvar for kvarandre, lage mat, handle inn mat, fordele utgifter og halde orden. Dette gav eit enno betre samhald og denne sosiale delen er god identitetsskaping for dei unge tysnesingane.  Klubben vonar og har tru på at denne veka i Danmark har gitt dei eit minne for livet, slik at når fleire snart skal flytte på seg for utdanning og jobb, vil hugse opplevinga som Njardar/Tysnes har gitt dei og at dei i framtida har lyst å flytte tilbake til Tysnes. I tillegg til spelarar og leiarar, var det mange tilreisande tysnesingar som hadde tatt turen til Dana Cup for å heia. Om lag 80 tysnesingar var på det meste samla på cupen.
By Torstein Fjeldet Lunde February 8, 2025
Hei, her kjem ei lita oppdatering frå Øystese cup. Me var totalt 38 spelarar og 9 vaksne som reiste innover helga 7.- 9. juni. Dette er ein flott overnattings-cup å reisa på for unge spelarar. Den er ikkje så stor, og alt ligg tilrettelagt i Øystese sentrum. Kort veg til banar og andre aktivitetar. Veldig god stemning både på og utanfor banen. Laga heia på kvarandre under kampane. Det var og mange som fekk seg nye bekjentskap frå andre lag. Alt i alt ei topp helg!
By Celine Lunde Rød February 4, 2025
15-17.mars 2024 hadde Skihyttelagetdugnad for å opna landskapet og rydda i skog som var til fare for bydningar på Ådnastegen. På 60-talet vart det planta rikelig med gran som skulle halda støle med ved, dette var no vokst seg stort og enkelte granar var til fare for dyr og folk som ferdast i området. Denne helga samla me ca 15 stk til dugnad, og det vart det hogge mange granar, kløyvd store mengder ved, som vart lagt i småsekker. Me fekk brent ein del greiner, som gjorde til at me fekk opna landskapet opp. Noko av granen vart nytta til å laga sitjegrupper i terrenget, desse kom godt med under familiedagar me har arrangert ila året. Me har hatt det riktig så triveleg tross lange arbeidsdagar. Prosjeket pågjekk utover sommaren. Tusen takk for støtta.
By Stein Olav Skaten February 4, 2025
Idrettslaget grusa opp veien inn til lysløypa for å kunne lage skiløyper med mindre mengder snø. 3 lass er levert ferdig utkjørt på veien, 2 lass er lagt på ei lomme langs veien til etterfylling der det vert behov
By Henrik Aakre January 28, 2025
No har OUL fått i hus lydanlegget. Det består av ein Soundbox4 som har batteritid på ca 40 timer på middels styrke og kan slik nyttast utan tilgang på straum. Soundbox4 kan strøyme musikk eller lyd frå PC / telefon med god kvalitet med hjelp av blåtannteknologi. Dekker lagets behov i toget ved 17-maifeiringa og andre utandørs arrangement. Det har også ein funksjon innandørs ved møter og konferansar. Her er Sondbox4 kopla opp med mikrofon til ein talarstol
Les meir
Share by: