Me er eit indremisjonslag som femner heile Tysnes og har styremedlemer frå dei fleste bygder. Me er tilslutta Indremisjonssamskipnaden og driv arbeidet i samarbeid med dei. Me har på siste årsmøte skifta namn til Tysnes indremisjon.
Vår aktivitet er i hovedsak evangeliske møte, stemne, litt ungdomsarbeid er nyleg starta opp. Dessutan konsertar, busstur til hausten, førjulsmesse mm.
Me takkar hjarteleg for støtta og ser at den vil dekka underskotet denne gongen. Me syntes at det var veldig fint med ein slik konsert også her, og ser at utan ekstern støtte ville det vera vanskeleg. Spesielt Morten Samuelsen er jo ein artist i norgestoppen så fleire burde nok fått med seg han. Me er veldig glade for å ha høve å arrangera. Så tusen takk!
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes