Årets 10. klasseshow blei gjennomført torsdag 10. og fredag 11. mars. I år var me heldige og fekk inn eit større fysisk publikum, og me hadde 150 seter disponible kvar av kveldane. Torsdagen var det 16 plassar ledige, medan fredagen var me heilt utseld.
Elevane har nytta mykje tid på arbeidet med showet i fleire månader på førehand, der ein særleg intensiverte øvinga den siste veka før. Showet hadde totalt 19 der alle innslaga bygde på kvarandre, og skulle illustrere ein sydentur etter gjenopninga frå start til slutt.
Elevane fekk vist seg i nummer som film, fellessongar, sketsjar, danseinnslag, band og moteframvising, der ein møtte fleire av karakterane igjen fleire gonger. Elevane gjekk inn i roller som ungdommar i vennegjengar, lærarar, par med ulike utfordringar og gleder, barn og pensjonistar. Me la opp til to økter, med ein kort pause mellom, og showet vara totalt i 2 timar og 15 min. Alle elevane hadde ei oppgåve i arbeidet med showet, og dei som ikkje viste seg så mykje direkte på scena, gjorde ein flott innsats i kulissane eller som scenearbeidarar. I ettertid har me fått mykje skryt for at alle elevane var inkludert. Me såg i tillegg eit flott samhald mellom elevane i denne fasen, og det har utan tvil styrka banda mellom dei. Me sit igjen med mange gode minner frå arbeidet og framføringa av showet.
Alt i alt kom showet i hamn med eit høgare overskot enn det me hadde sett for oss, og dette er svært gledeleg for klassane, som ønskjer å nytta pengane til klassetur no på våren.
Me set stor pris på at de ville støtta 10. klasseshowet, og vil seia tusen takk for at de var så mykje på tilbodssida.
Mvh, showansvarleg Elin Bergesen og klassekontaktar Kari Lande og Lise Skjåk Dalen.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes