Tysnes frivilligsentral takker for støtta til annonsering av eldretreff i Bladet Tysnes.
Vi planla 12 bygdatreff ut 2021. Ett 26. november i 2020 og 11 treff i 2021. Dette blei marknadsført i bladet Tysnes med logo frå Tysnes Kraftlag.
Det har vore laga annonsar og plakatar til ni treff i 2020 og 2021:
26.11.20
28.01.21 avlyst
29.04.21
27.05.21
24.06.21
26.08.21
30.09.21
28.10.21
25.11.21
Dei åtte treffa som har vore skipa til i fem bygder på same dag har vore eit særs populært arrangement. Rundt 200 seniorar i kommunen har på kvart treff fått eit kulturelt innslag, eit musikalsk innslag og eit måltid mat. Det har vore ei fin blanding av lokale krefter og underhaldarar frå heile Vestlandet.
Samarbeidet med dei frivillige tilskiparane i dei fem bygdene har vore heilt formidabelt og naudsynt for å få gjennomført prosjektet, som i all hovudsak har vore finansiert av midlar frå Helsetilsynet.
Eg legg ved nokre artiklar frå Bladet Tysnes som gir nokre bilete på korleis arrangementa har vore gjennomførde.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes