Stiftinga Tysnesfest - Minifestivalen Tysnesfest UNG

Øystein Vaage • September 17, 2024

Tysnesfest UNG er ein av dei mest ettertrakta festivalane for barn og unge på Vestlandet. Festivalen, som blir arrangert på Tysnes kvar sommar som ein del av Tysnesfest, er eit høgdepunkt for mange og har som mål å skape ein trygg og inkluderande arena for unge deltakarar å oppleve musikk, kultur og kreativ utfalding.

Årets festival var ein stor suksess, med eit breitt spekter av aktivitetar og konsertar som trekte eit stort publikum. Blant høgdepunkta var konsertane med Lisa og Tobias, kjente frå MGPjr, som sjarmerte publikum med sine fengande songar og energiske sceneshow. Deira opptreden, saman med sitt eige DanseCrew, var ein av dei mest minneverdige på festivalen.

I tillegg til musikk, bød Tysnesfest UNG også på eit variert program med aktivitetar som gjekk frå teikneverkstader med Øisteins Blyant til spektakulære stunt frå Urban Circus Show og ikkje minst VitenShitShow med NRK-kjendisene Dennis Siva og Stian Sandø. Sistnemte bød på flammer, eksplosjoner og læring. Publikum vart engasjert og underholdt med spennande eksperiment og humoristiske innslag. Øisteins Blyantshow gav barna moglegheita til å lære grunnleggjande teikneteknikkar og utvikle si eiga kreativitet, medan Urban Circus imponerte med sine akrobatiske prestasjonar og fakirkunstar. Dei to tullete klovnane frå Latter Event sørga for at latteren sat laust med sitt improviserte familieteater, som inkluderte aktiv deltaking frå publikum. Ansiktsmaling og andre lett tilgjengelig aktiviteter på e-brygga gjorde TF UNG komplett.

Tysnesfest UNG klarte også i år å skape ein trygg og positiv atmosfære der unge kunne utforske nye interesser, utvikle sine talent og ikkje minst, ha det gøy saman med gamle og nye vener. Med sitt mangfaldige program og høge kvalitet, er Tysnesfest UNG utan tvil ein festival som inspirerer og underheld barn og unge år etter år.

I år vart Tysnesfest UNG-teltet flytta til Våge hamn på e-brygga, noko som plasserte det midt i sentrum av festivalaktivitetane på dagtid. Denne strategiske plasseringa gjorde det enklare for publikum å delta i dei mange spennande aktivitetane og opplevingane som festivalen tilbød. Med teltet midt i hjarte av festivalområdet, kunne både barn, unge og familiar enkelt finne vegen til arrangementa og nyte den livlege atmosfæren i Våge hamn. Flyttinga bidrog til å gjere Tysnesfest UNG endå meir tilgjengeleg og inkluderande for alle festivaldeltakarar. TF UNG-teltet blir drive av ungdom i samarbeid med Tysnes ungdomsråd. Dette initiativet gir ungdommen ei stemme og ansvar i å forme og leie festivalopplevinga for sine jevnaldrande.

• TF UNG fredag: 166 festivalpass + 58 dagspass
• TF UNG lørdag: 166 festivalpass + 223 dagspass (UTSOLGT!)

By Henrik Aakre April 23, 2025
Nye golv i Grendatun
By Morten Nordal March 21, 2025
Varmepume er ferdig montert og teken i bruk i varmestova vår ved skianlegget. Dette sørger for redusert bruk av energi til oppvarming og er eit flott enøk tiltak. Takk for støtta.
By Jon I. Skjolde March 14, 2025
Det nye O- kartet er no ferdig og klart til bruk. Første arrangement blir Finn Fram dagen no i påska og orienteringsløp i Sunnhordlandsrankingen i mai. Takk for støtta.
By Lars P. Epland March 14, 2025
Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.
By Torstein Hatlevik February 27, 2025
Me fekk enøkrapporten og valgte å starte med tiltaka som ga mest effekt, det var varmepumper for å minske bruk av straum til oppvarming. Takk for støtta.
By Jorunn Vonheim Grahl February 20, 2025
RIL er veldig takknemlig for støtten. Rastebord er kommet på plass, basketballplate med kurv er montert. Matter og baller er allerede i bruk til småbarnstrim og trim for voksne formiddag og ettermiddag.
By John Arvid Kleppe February 18, 2025
Laging av voll mellom standplass og skiver. Reparasjon og oppdatering av kontainer. Prosjektet er ferdigstilt.
By Patrick Russell Madsen February 9, 2025
Sluttrapport – Støtte til planarbeid for hotellutvikling
By Øystein Flakke February 9, 2025
Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.
By Torstein Fjeldet Lunde February 9, 2025
Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!
Les meir