Arbeidet med spelrommet starta i august 2021, då kulturskulen flytta ut av rommet.
Andersland bygg tetta igjen den gamle døra og sette inn ei ny glasvegg/dør mellom spelerommet og biblioteket. Vi valde ein dør med god lydisolering.
Tiko leverte elektrikartenester. Det ble satt inn nye stikkkontaktar og rikeleg med ladepunkt.
Rommet vart måla av drift og vedlikehald i kommunen.
I månadsskiftet september/oktober vart skjermar og lydplanker levert og montert av ATEA.
Senab Eikeland leverte møblane same veka.
Rommet stod klart i slutten av oktober og har vore i omtrent dagleg bruk sidan då. Vi hadde offisiell opning den 27. november i samband med eit LAN i regi av biblioteket, frivilligsentral og Psykisk helse. (Lenkje: https://tysnesingen.no/ungdoms-lan/)
Planen er at spelrommet skal inngå i liknande samarbeidsprosjekt framover.
Ordføraren opnar spelrommet i Minecraft.
Høgbord med justerbare krakker. Ladepunkt med stikkontakt og usb. Hyller til utstilling av spel
og bøker.
Eine kortveggen med Xbox og Nintendo Switch. Hyller over til utstilling. Her kjem det meir
pynt etter kvart. Gjerne laga saman med brukarane.
Andre kortveggen med Playstation 5.
Tusen takk for at de valde å støtte tiltaket!
Tysnes kommune / Tysnes folkebibliotek
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes