Minnearrangementet «Hjertefred» har vorte ein årleg tradisjon i Tysnes, men dette arrangementet kunne ikkje lagast til på grunn av smitteregimet hausten 2020. Tysnes sokneråd vart utfordra til å laga eit arrangement på Allehelgenssundag, 1. november.
Dette vart gjort ved at forfattar Tove Virata Bråthen les sine eigne dikt med tonefylgje frå pianist/kyrkjemusikar Andre Eide.
Mot slutten av arrangementet hadde Bråthen og Eide saman med sokneprest Marit Isaksen Espedalen ein samtale rundt eigne røynsler med vanskelege livssituasjonar. Det var om lag 25 frammøtte i kyrkja. Dette var om lag som venta, då folk på denne tida kvidde seg litt for å koma saman på grunn av det smitteregimet som var i samfunnet på den tida.
Me er alltid litt varsame med å ta bilete av dei som er til stades i kyrkja, men eg legg ved bladet «Tysnes» sin reportasje frå arrangementet, saman med utgiftsdokumentasjon.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes