Me var heldige med veret denne veka og born og vaksne koste seg på fjorden. 27 born i alderen 8-13 år deltok.
Aktivitetane omfatta sjøvett,knuter og stikk, segl teori, båttilvenning og kolsigling, rigging av båtar, jollesigling, ro-trening, kajakkpadling,rigging/ sigling med oselvar, fisking/magnetfisking, sigling med zoomjolle, robåt/fisking, vannsport, SUP, havsigling og bading/miljø. Veka vart avslutta fredag med sjøsportsstafetten, grilling, vannsport, bading og premieutdeling.
Aktivitetane gjekk føre seg i Njordstø, på fjorden utanfor Njordstø og i sjøen ved båthamna på Gjerstad.
Det var ingen eigenbetaling for deltakarne slik at ingen born skulle vera hindra i å delta grunna foreldra sin økonomi.
Tre ungdommar i alderen 14-18 år hadde sommarjobb under veka og fekk god arbeidstrening.
7 instruktørar vart løna. 5 av desse utførte i tillegg dugnadsarbeid. 10 andre vaksne utførte og dugnadsarbeid, i alt 15 deltok i dugnadsarbeid og det vart utført totalt 210 dugnadstimar i løpet av veka. Spar Tysnes sponsa oss med frukt kvar dag.
Veka vart gjennomført med tilskot frå Gjensidigestiftelsen og Tysnes Kraftlag AS. Tusen takk til dei. Utan desse tilskota kunne me ikkje gjennomføra veka med løna instruktørar og gratis deltaking. Utgiftene vart høgare enn budsjetterte og me måtte inn med meir eigenkapital for å gjennomføre prosjektet.
Sjøsportsveka var populær og me hadde ventelister. Det gjekk over all forventning å rekruttere ungdommar, instruktørar og friviljuge dugnadsarbeidarar.
Det vart ei vellukka sjøsportsveke og med god planlegging lovar dette godt for ny veke tii neste år.
Teigland, den 02.08.2022
For Båtlaget Njord/Tysnes
Einar Aslaksen
Leiar
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes