Hausten 2021 sette ein dugnadsgjeng i gang arbeid med bygging av simulatorrom. Dette arbeidet var ferdig oppunder juletider. Me såg raskt at det var naudsynt å oppgradere toalettfasiliteter tilknytta klubbhus og simulator, så det vart starta på og ferdigstilt utpå våren 2022.
Simulator vart installert på nyåret, og tatt i bruk i februar 2022 med open dag, der interesserte kunne kome og prøve, få instruksjon og tips.
Simulatoren har vore eit flott bidrag til klubben sine aktiviteter, og det vart på ettervinteren sett igang innandørs turnering. Denne turneringa skal utvidast og gjentakast komande vintre, og me håpar på stor deltaking. Her er det berre å følgje med på klubben sine nettsider.
I og med me måtte oppgradere toaletta, gjekk me ut over budsjett, men resultatet av det er at me no har nye, fine toalett til både kvinner og menn i klubbhuset.
Mvh Tysnes Golfklubb
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes