Reksteren Øylag - Hjartestartar

Anny Gjøvåg • November 16, 2022

Reksteren Øylag søkte Tysnes Kraftlag i januar 2022 om middlar til innkjøp av hjartestartar etter å ha lese i bladet Tysnes at Tysnes Kraftlag gjekk ut i lokalavisa og annonserte tilskot til hjartestartarar.

Røde Kors Førstehjelp Nesttun vart kontakta og me bestilte inn Hjartestatar PAD 350P Heartsine med bæreveske. Rotaid utandørs varmeskap for hjartestartartar m/LED. Skilt for merking av hjartestartar.


Tiko as, Tysnes har montert den elektriske straumen til hjartestartaren.


Sjølve hjartestartaren vart skrudd opp på dugnad. Etter styret i Reksteren Øylag si vurdering av kor det var behov for å plassera ut ein ny hjartestartar på Reksteren fann ein at det kunne vera greitt å plassera ein nord på Reksteren, sidan det allereie er sett opp to hjartestartarar lenger sør på Reksteren. Sidan hjartestartaren treng straum var det ikkje så mange plasser som peika seg ut langs trafikkert veg. Derfor vart det bestemt at den skulle hengjast opp på garasjeveggen på Kaldafossvegen 58, hos Anny og Harald Gjøvåg. 1.oktober vert det arrangert kurs i bruk av hjartestartar her på Reksteren, og fleire av innbyggjarane i området her meldt seg på kurs i regi av Tysnes Røde Kors for å få opplæring.


Hjartestartaren er registrert i nasjonalt registrert for hjartestartarar + 113 sitt register som Tysnes Røde Kors skulle hjelpa oss med.

Reksteren Øylag er takksame for at Tysnes Kraftlag med dette gjer det muleg for innbyggjarar også ute i distriktet å få skaffa hjartestartarar som gjev tryggleik dersom hjartestans rammar og minuttane tel.

By Henrik Aakre April 23, 2025
Nye golv i Grendatun
By Morten Nordal March 21, 2025
Varmepume er ferdig montert og teken i bruk i varmestova vår ved skianlegget. Dette sørger for redusert bruk av energi til oppvarming og er eit flott enøk tiltak. Takk for støtta.
By Jon I. Skjolde March 14, 2025
Det nye O- kartet er no ferdig og klart til bruk. Første arrangement blir Finn Fram dagen no i påska og orienteringsløp i Sunnhordlandsrankingen i mai. Takk for støtta.
By Lars P. Epland March 14, 2025
Tysnes musikklag sin tradisjonelle julekonsert trekk full kyrkje kvart einaste år. Konserten er gratis for publikum, men ein har utgifter til solister og lyd. I 2024 hadde me med oss Hanna Veits på fiolin og Torleif Torgersen på piano/orgel. Takk for støtta som let oss fortsetja å halde julekonsertar av høg kvalitet- der tysnesingane får mogleiken til å høyre flott musikk og sikra julestemningen.
By Torstein Hatlevik February 27, 2025
Me fekk enøkrapporten og valgte å starte med tiltaka som ga mest effekt, det var varmepumper for å minske bruk av straum til oppvarming. Takk for støtta.
By Jorunn Vonheim Grahl February 20, 2025
RIL er veldig takknemlig for støtten. Rastebord er kommet på plass, basketballplate med kurv er montert. Matter og baller er allerede i bruk til småbarnstrim og trim for voksne formiddag og ettermiddag.
By John Arvid Kleppe February 18, 2025
Laging av voll mellom standplass og skiver. Reparasjon og oppdatering av kontainer. Prosjektet er ferdigstilt.
By Patrick Russell Madsen February 9, 2025
Sluttrapport – Støtte til planarbeid for hotellutvikling
By Øystein Flakke February 9, 2025
Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.
By Torstein Fjeldet Lunde February 9, 2025
Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!
Les meir