Tysnes skule - 10. klasseshow
Årets 10. klasse show vart presenter 22. og 23. februar til fullsatt sal begge kveldane i Grendatun. Totalt vart det 246 betalande publikumsplassar.
10. klasse har hatt show som musikkprosjekt frå oppstart vårsemester og i show-veka var det øvingar som stod på timeplana, medan resten av timeplanen måtte vika. Elevane har sjølv bidratt med idear, laga manus og funne/satt saman kostymer. Showet bestod av film, sangar, band og dans, samt sketsjar og skodespel. Scenearbeid og programleiing stod dei og for sjølve. Primus motor var Elin Bergesen, faglærer i musikk, samt kontaktlærar for 10A. I tillegg var det eit stort dugnadsapparat blant foreldra under planlegging og gjennomføring av showet.
Bladet Tysnes presenterte fylgjande reportasje etter showet:


Showet var finansiert gjennom billett- og kiosksal, dugnadsarbeid og sponsormidlar, blant anna frå Tysnes Kraftlag. 10% av overskuddet frå showet, NOK 1 709,- vart gitt til Kreftaksjonen.
19. juni vart det i regi av foreldregruppa arrangert ein minneverdig avslutningsfest for 10.klasse med foreldre og lærarar, samt Ordførar og oppvekstsjef, totalt 105 gjester. Festen vart halde i amfiet på Tysnes skule, elevar og lærarar stod for underhaldninga, medan det vart servert fingermat ordna av mat- og helsegruppa i 9.klasse, medan foreldre stod for kaffimaten.
Foreldrekontaktar 10. klasse 2024,
Renee Kristin Bondevik og Ruth Kongsvik Brandvik


