Call Us +1-555-555-555

Meirbruk AS - Start av gjenbruksbutikk i Våge

Synnøve Bakke • March 14, 2023

I slutten av november fekk vi innvilga støtte frå Tysnes kraftlag til opning av gjenbruksbutikken Meirbruk. Etter det har vi jobba så raskt som mogleg med å få på plass gjenbruksbutikken i Våge. Støtta frå Kraftlaget var den utløysande faktoren, som gjorde at vi tok sjansen på å gå i gang med prosjektet.


Blikk design AS vart hyra inn for design av logo og heimeside, og domenet www.meirbruk.no vart kjøpt. I desember jobba vi med kassasystem, lokalar, start av aksjeselskap, brukthandelbevilling, låssystem, sikkerheit, rekneskapssystem og innreiingsløysingar.

Val av leverandør av kassasystem falt på danske Loppesalg.dk, som tilbyr eit system for administrasjon av mange seljarar i same butikk. Systemet er brukt av andre liknande butikkar i Noreg.


DØRLÅS

Dørlås og identifikasjon av kundar var det som var det vanskelegaste i planleggingsfasen. Det finnes ikkje noko godt system på marknaden for autentisering av personar som skal ha tilgang til ei lita, sjølvbetjent butikk. Det finnes nokre løysingar for større butikkar, men dei er dyre både i innkjøp og drift.

Løysinga for oss var å opprette ei SMS-teneste med kodeord. Kundane sender kodeordet til eit nummer og får dørkoda tilbake. Koda vil bli skifta fleire gonger i veka, slik at dei som vil inn, får ny kode kvar gong. I tillegg er det videoovervaking av lokala.


INNFLYTTING

Meirbruk flytta inn i lokala i Svingen Puls i midten av januar, og frå då var hovudfokus å få lokala i orden til opning. Hyllesystem vart kjøpt inn og montert, saman med overvakingskamera, ekstra lys og alle delane til kassen.

Vi starta marknadsføring på Facebook i starten av februar, og averterte opningstilbod med gratis hylleleige for opningsveka. Det gjorde at alle hyller var utleidd til opninga.

23. februar samla alle seljarane seg i butikken og gjorde klar sin hylleseksjon og 24. februar var det opning av butikken.

Butikken har vore godt besøkt den første veka, med alle hyller utleidd og godt sal for dei aller fleste.


ØKONOMI

I kalkylen anslo vi oppstartskostnadane til å vere kr. 130 000,-, inkludert kr. 30 000,- i eigeninnsats. Vi har heldt oss godt innanfor budsjettramma når det gjeld kostnadar, men eigeninnsatsen har vore betydeleg høgare enn berekna.


VIDARE ARBEID

For å få butikken til å bere seg, er fokus framover på sal og marknadsføring.

Det er laga ei heimeside der ein kan booke seg hylle og leggje inn varene ein har for sal. I tillegg bruker vi Facebook til å informere om varer og anna som gjeld butikken og vi har laga ei eiga gruppe for dei som har varer i butikken der dei kan promotere sine varer.

Å få folk til å handle i butikken er det som er viktigast for at prosjektet skal vere levedyktig. Det er ikkje problem å få folk som vil selje kleda sine i butikken. Men for at dei skal sjå nytta av å bruke vår salskanal framfor Finn eller Facebook, må dei faktisk selja for meir enn hylleleiga kvar veke.


Vi er optimistiske av natur og har tro på at vi skal få dette til!

Synnøve Bakke 08.03.23

By Jorunn Vonheim Grahl February 20, 2025
RIL er veldig takknemlig for støtten. Rastebord er kommet på plass, basketballplate med kurv er montert. Matter og baller er allerede i bruk til småbarnstrim og trim for voksne formiddag og ettermiddag.
By John Arvid Kleppe February 18, 2025
Laging av voll mellom standplass og skiver. Reparasjon og oppdatering av kontainer. Prosjektet er ferdigstilt.
By Patrick Russell Madsen February 9, 2025
Sluttrapport – Støtte til planarbeid for hotellutvikling
By Øystein Flakke February 9, 2025
Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.
By Torstein Fjeldet Lunde February 9, 2025
Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!
By Torstein Fjeldet Lunde February 8, 2025
21.07.24 - 27.07.24 reiste Njardar/Tysnes til Dana Cup representert ved Gutar 15 og Jenter 17. Totalt 30 spelarar i alderen 14 - 17 år var med og bidrog til at Njardar/Tysnes stillte i Dana Cup. Laga vart innlosjert i leiligheter i Blokhus med kostnad kr 5350 pr spelar og me er svært takksame for den økonomiske støtta Tysnes Kraftlag bidrar med til at me kunne reisa. Begge lag speler 11ar fotball og gjorde det svært godt til å vera ein så liten breiddeklubb som me er. Jentene tok seg vidare til 8-dels finale i A-sluttspelet, medan gutane kom til kvartfinale i B-sluttspelet. I tillegg til det sportslege, er ein slik tur viktig for samhaldet blant ungdomane våre. Spelarane budde i eigne leiligheiter, der dei sjølve måtte ta ansvar for kvarandre, lage mat, handle inn mat, fordele utgifter og halde orden. Dette gav eit enno betre samhald og denne sosiale delen er god identitetsskaping for dei unge tysnesingane.  Klubben vonar og har tru på at denne veka i Danmark har gitt dei eit minne for livet, slik at når fleire snart skal flytte på seg for utdanning og jobb, vil hugse opplevinga som Njardar/Tysnes har gitt dei og at dei i framtida har lyst å flytte tilbake til Tysnes. I tillegg til spelarar og leiarar, var det mange tilreisande tysnesingar som hadde tatt turen til Dana Cup for å heia. Om lag 80 tysnesingar var på det meste samla på cupen.
By Torstein Fjeldet Lunde February 8, 2025
Hei, her kjem ei lita oppdatering frå Øystese cup. Me var totalt 38 spelarar og 9 vaksne som reiste innover helga 7.- 9. juni. Dette er ein flott overnattings-cup å reisa på for unge spelarar. Den er ikkje så stor, og alt ligg tilrettelagt i Øystese sentrum. Kort veg til banar og andre aktivitetar. Veldig god stemning både på og utanfor banen. Laga heia på kvarandre under kampane. Det var og mange som fekk seg nye bekjentskap frå andre lag. Alt i alt ei topp helg!
By Celine Lunde Rød February 4, 2025
15-17.mars 2024 hadde Skihyttelagetdugnad for å opna landskapet og rydda i skog som var til fare for bydningar på Ådnastegen. På 60-talet vart det planta rikelig med gran som skulle halda støle med ved, dette var no vokst seg stort og enkelte granar var til fare for dyr og folk som ferdast i området. Denne helga samla me ca 15 stk til dugnad, og det vart det hogge mange granar, kløyvd store mengder ved, som vart lagt i småsekker. Me fekk brent ein del greiner, som gjorde til at me fekk opna landskapet opp. Noko av granen vart nytta til å laga sitjegrupper i terrenget, desse kom godt med under familiedagar me har arrangert ila året. Me har hatt det riktig så triveleg tross lange arbeidsdagar. Prosjeket pågjekk utover sommaren. Tusen takk for støtta.
By Stein Olav Skaten February 4, 2025
Idrettslaget grusa opp veien inn til lysløypa for å kunne lage skiløyper med mindre mengder snø. 3 lass er levert ferdig utkjørt på veien, 2 lass er lagt på ei lomme langs veien til etterfylling der det vert behov
By Henrik Aakre January 28, 2025
No har OUL fått i hus lydanlegget. Det består av ein Soundbox4 som har batteritid på ca 40 timer på middels styrke og kan slik nyttast utan tilgang på straum. Soundbox4 kan strøyme musikk eller lyd frå PC / telefon med god kvalitet med hjelp av blåtannteknologi. Dekker lagets behov i toget ved 17-maifeiringa og andre utandørs arrangement. Det har også ein funksjon innandørs ved møter og konferansar. Her er Sondbox4 kopla opp med mikrofon til ein talarstol
Les meir
Share by: