Kurs på Mandelhuset og kurs vekstprogram Atheno Stord
Tilskotet som Tysnes Kraftlag har støtta meg med har vore godt brukt i tiltaka som blei lista opp i søknad og i oversikta over. Med unntak av flytting til nye lokaler, som blir noko forsinka, har alle 3 planlagte aktiviteter vore gjennomført etter planen.
1. Stifting av AS
Overgang frå enkeltpersonføretak til aksjeselskap var meint å vera ein skattefri omdanning, men eg blei rådført av regnskapsfirmaet Tysnes råd og regnskap og starte eit nytt. Nytt firma, med Org.Nr. 930939897, blei registrert i Brønnøysundregisteret 05.03.23, med namn Lynghaugane Møbelverkstad AS.
2. Kurs Tysnes Gjev Meirsmak Markedsføring
Kurset blei gjennomført 11.02.23 på mandelhuset i regi av Tysnes Gjev Meirsmak. Kurset hadde fokus på markedsføring i sosiale media, kor kursholdar, Markedsansvarlig i Kattnakken på Stord, gav eit fint innblikk i markedsføring. I løpet av kurset fekk me gode gjennomganger av vår eigen markedsføringsstrategi og hjelp til forbedring av innhold i sosiale medier.
3. Kurs Atheno Vekstprogram
Vekstprogrammet som Atheno på Stord arrangerte varte i frå slutten av januar og fram til 07.03.23 med fysiske og digitale samlinger. Kurset hadde fokus på entreprenørskap og vart haldt av Erlend Bang i Entrepenerdy.
I løpet av dei totalt 6 samlingane, saman med eigenarbeid, blei det gjennomgått modeller og verktøy for utarbeiding av forretningsmodell. Me fekk god hjelp og oppfølging av Atheno og Erlend der me fekk jobba med vår eigen forretningsmodell, ide, mål og oppgåver. Dette gav eit godt grunnlag for videre arbeid med prosjektet mitt.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes