Call Us +1-555-555-555

Lynghaugane Møbelverkstad AS - HMS arbeid, tiltak og investeringar

Aleksander Fauske • September 14, 2023

Eg vil innleda med å takka for støtta eg har fått frå Tysnes Kraftlag. Pengane har vore brukt på gode tiltak som vil gje eit godt grunnlag for HMS arbeid i bedrifta mi. Tiltaka som vart søkt om er allereie iverksatt og tatt i bruk i dei nye lokala mine på Malkenes.
 
Etter tiltaka no har vore brukt i ein lengre periode er det mykje bedre inneklima og miljø i verkstaden enn det tidligare har vore. Støvpartiklar er kraftig redusert, gulvmatter er i daglig bruk ved arbeidsstasjonane og det er implentert eit mykje bedre system for rydding. Arbeidsdagen har vorte vesentlig forbedra og det har utan tvil vore gode helsefremmande tiltak for meg sjølv.
 
Luftrensesystem. 
Det er investert i eit nytt luftrensesystem som vil dekka behovet i framtida. Leverandøren C.Dahm maskinforretning blei valgt som leverandør og filteret som skal nyttast er av høgste kvalitet i den skalaen eg no driv. 
 

Sponavsug med finfilterring. 
Spon og støv under trebearbeiding er ein stor synder og valgte derfor å gå litt utover budsjettet på denne investeringa. Det blei valgt ein maskin frå C.Dahm som kan handtere meir bruk med finere filtrering. Denne kan eg bruke på fleire maskiner samtidig og effektivt stoppe spon- og støvkontaminering av verkstaden. 
 

Ergonomimatter til gulv. 
Det blei kjøpt inn 3 gulvmatter frå leverandøren Vidamic Ergonomics. Ein til kvar arbeidsstasjon i verkstaden. 
 

Førstehjelpsutstyr. 
Det blei kjøpt inn eit godt rusta førstehjelpsskap med mykje innhald. Leverandøren brukt blei Kontorgiganten. Skapet vil vera godt synlig og plassert sentralt i verkstaden.   


Brannspjeld og brannslukkeutstyr 
Det er plassert 2 stk brannslukningsapparat av type pulver. Dei er plassert strategist i bygget. Det er også invistert i eit brannalarmsysytem frå Verisure, med brannvarsling og kamera, samt innbruddsalarm. 
I dialog med fleire leverandørar er brannspjeld noko som er meir relevant for større bedrifter og lokaler. Dette inngår ofte i mykje dyrare utstyr og blei ikkje relevant. 


HMS system 
I dialog med Athena HMS har eg fått eit godt rusta HMS system som innfrir krava i internkontrollforskriften. I eit møte med dei har dei skreddersydd systemet til meg og min bedrift og inneheld både rutiner og handlingsplaner for arbeidsoppgåver. Det er også laga ein eigen HMS brosjyre som vil vere relevant for dei arbeidsoppgåver som utførast i min bedrift. 
Her blei det valgt ein lisens på 3 år der eg har tilgong på systemet, prosedyrer, kursing med meir. 


Kildesorteringssystem 
Det er no lagt opp til eit kildesorteringssystem, der eg skiljer mellom papir/papp, plast, og treverk. Etterkvart blir avfall kjørt til miljøstasjonen i Eredalen. Spon og treavfall blir henta av privatpersona til bruk til husdyr, eller solgt som ved ved større avfallsmengder.

By Jorunn Vonheim Grahl February 20, 2025
RIL er veldig takknemlig for støtten. Rastebord er kommet på plass, basketballplate med kurv er montert. Matter og baller er allerede i bruk til småbarnstrim og trim for voksne formiddag og ettermiddag.
By John Arvid Kleppe February 18, 2025
Laging av voll mellom standplass og skiver. Reparasjon og oppdatering av kontainer. Prosjektet er ferdigstilt.
By Patrick Russell Madsen February 9, 2025
Sluttrapport – Støtte til planarbeid for hotellutvikling
By Øystein Flakke February 9, 2025
Sluttrapport på innkjøp av Soundboks og A-3 fargeprinter Lunde bygdalag har med støtte frå kraftlaget, kjøpt inn soundbox nr 2 til bruk i bygda. Spesielt i 17.mai feiringa med kortesje gjennom bygda, blir det no flott korpsmusikk gjennom 2 stk soundboksar. Våre 2 soundboksar er og til utlån lokalt. Me har og kjøpt inn ein A-3 fargeprinter og har foliemaskin til denne. Då kan me laga fine plakatar til nødvendig informasjon ut i bygda. Eit viktig hjelpemiddel for god kommunikasjon ut. Mvh For Lunde bygdalag Øystein Flakke Leiar.
By Torstein Fjeldet Lunde February 9, 2025
Njardar/Tysnes G15 reiste til Haugesund fredag ettermiddag i kulturbussane, og heimatt søndag. 17 Tysnes ungdomar var med oss og dette er ein veldig grei gjeng å reisa på tur med. Alle går godt overeins med alle, og dei oppfører seg eksemplarisk. Laget tok seg til kvartfinale i a-sluttspelet, der det vart 1-2 tap for Åsane. Alt i alt ei flott helg der slike opplevingar trur eg er med og fyller opp «minnebanken» til gutane frå oppveksten deira på Tysnes – i håp om at dei ein dag, når dei har blitt nokre år eldre, tenkjer tilbake på desse opplevingane og at dei sjølve kan tenkja seg å busetja seg på Tysnes i framtida! Tusen takk for støtta!
By Torstein Fjeldet Lunde February 8, 2025
21.07.24 - 27.07.24 reiste Njardar/Tysnes til Dana Cup representert ved Gutar 15 og Jenter 17. Totalt 30 spelarar i alderen 14 - 17 år var med og bidrog til at Njardar/Tysnes stillte i Dana Cup. Laga vart innlosjert i leiligheter i Blokhus med kostnad kr 5350 pr spelar og me er svært takksame for den økonomiske støtta Tysnes Kraftlag bidrar med til at me kunne reisa. Begge lag speler 11ar fotball og gjorde det svært godt til å vera ein så liten breiddeklubb som me er. Jentene tok seg vidare til 8-dels finale i A-sluttspelet, medan gutane kom til kvartfinale i B-sluttspelet. I tillegg til det sportslege, er ein slik tur viktig for samhaldet blant ungdomane våre. Spelarane budde i eigne leiligheiter, der dei sjølve måtte ta ansvar for kvarandre, lage mat, handle inn mat, fordele utgifter og halde orden. Dette gav eit enno betre samhald og denne sosiale delen er god identitetsskaping for dei unge tysnesingane.  Klubben vonar og har tru på at denne veka i Danmark har gitt dei eit minne for livet, slik at når fleire snart skal flytte på seg for utdanning og jobb, vil hugse opplevinga som Njardar/Tysnes har gitt dei og at dei i framtida har lyst å flytte tilbake til Tysnes. I tillegg til spelarar og leiarar, var det mange tilreisande tysnesingar som hadde tatt turen til Dana Cup for å heia. Om lag 80 tysnesingar var på det meste samla på cupen.
By Torstein Fjeldet Lunde February 8, 2025
Hei, her kjem ei lita oppdatering frå Øystese cup. Me var totalt 38 spelarar og 9 vaksne som reiste innover helga 7.- 9. juni. Dette er ein flott overnattings-cup å reisa på for unge spelarar. Den er ikkje så stor, og alt ligg tilrettelagt i Øystese sentrum. Kort veg til banar og andre aktivitetar. Veldig god stemning både på og utanfor banen. Laga heia på kvarandre under kampane. Det var og mange som fekk seg nye bekjentskap frå andre lag. Alt i alt ei topp helg!
By Celine Lunde Rød February 4, 2025
15-17.mars 2024 hadde Skihyttelagetdugnad for å opna landskapet og rydda i skog som var til fare for bydningar på Ådnastegen. På 60-talet vart det planta rikelig med gran som skulle halda støle med ved, dette var no vokst seg stort og enkelte granar var til fare for dyr og folk som ferdast i området. Denne helga samla me ca 15 stk til dugnad, og det vart det hogge mange granar, kløyvd store mengder ved, som vart lagt i småsekker. Me fekk brent ein del greiner, som gjorde til at me fekk opna landskapet opp. Noko av granen vart nytta til å laga sitjegrupper i terrenget, desse kom godt med under familiedagar me har arrangert ila året. Me har hatt det riktig så triveleg tross lange arbeidsdagar. Prosjeket pågjekk utover sommaren. Tusen takk for støtta.
By Stein Olav Skaten February 4, 2025
Idrettslaget grusa opp veien inn til lysløypa for å kunne lage skiløyper med mindre mengder snø. 3 lass er levert ferdig utkjørt på veien, 2 lass er lagt på ei lomme langs veien til etterfylling der det vert behov
By Henrik Aakre January 28, 2025
No har OUL fått i hus lydanlegget. Det består av ein Soundbox4 som har batteritid på ca 40 timer på middels styrke og kan slik nyttast utan tilgang på straum. Soundbox4 kan strøyme musikk eller lyd frå PC / telefon med god kvalitet med hjelp av blåtannteknologi. Dekker lagets behov i toget ved 17-maifeiringa og andre utandørs arrangement. Det har også ein funksjon innandørs ved møter og konferansar. Her er Sondbox4 kopla opp med mikrofon til ein talarstol
Les meir
Share by: