Tysnes ambulansestasjon har hatt ei «Anne dukke» i ca 15 år som har blitt brukt flittig til trening på stasjonen vår til AHLR (avansert hjerte lunge redning).
Vår «Anne dukke» har sett sine beste dagar og ble ved reparasjon/service dessverre kondemnert.
Vi trener på AHLR og DHLR regelmessig da det er en viktig del av vår jobb. Det styrker samtlige etatar og vårt fellesskap at vi har utstyr me kan samtrene med. Brannvesenet og legevakten er spesielt viktige og ofte nødvendig ressurs for oss ved hjertestansoppdrag, felles øving er derfor viktig. Me har hatt eit ønsker også å kunne trene på AHLR og DHLR på baby dokke.
Med støtte frå Tysnes kraftlag, Tysnes Kommune og Helse Fonna til nytt øvingsutstyr har me no kjøp inn ein total pakke med ei dokke i voksen format og ei baby dokk til og øve AHLR og DHLR. Me kan også øve avansert luftvegs tiltak (pusterør) på begge dokkene. IV arm er også med for øving på venekanylering og medikamentadministrering.
Med Sim pad (nettbrett) kan ein styre hjerterytmane dokkene skal ha, overvake kvaliteten på kompresjonar og ventilasjonar. Dette gjer at me har eit godt verktøy for tilbakemeldingar på kvaliteten på utført øving.
Det skal først gjennomførast opplæring i bruken og vedlikehald av utstyret til 6 personell frå ambulanse og legekontor. Kontinuerlige øvingar med legekontor, brann og politi skal avtalast og gjennomførast. Øvingsutstyret kjem også til nytte når me skal ha større øvingar.
Velferdslaget Tysnes ambulanse vil takke for støtta til tiltaket. Øvingsutstyret vil gjere at me kan ha regelmessige øvingar med godt moderne utstyr, som gjer oss meir rusta til dei reelle hjertestanstilfella.
AHLR (avansert hjerte lunge redning)
DHLR (HLR med defibrillering)
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes