Då nye koronarestriksjonar kom rett før planlagt sosialt juletreff for dei flotte ungdommane våre, som då igjen vart utsatt på ubestemt tid, ønska me tilsette i eining barn og familie å arrangere eit alternativt koronavenleg tilbod!
Tusen takk til Tysnes Kraftlag som på svært kort tid gav positivt svar på stønad til arrangementet, og til Tysnes Fest Media som heiv seg rundt og fekk rigga til med proft utstyr.
Det vart ein magisk kveld med 65 påmeldte ungdommar i utandørsamfiet ved Tysnes skule 20.12.21!
Med julefilm på storskjerm og med veldig god lyd, stjerneklar himmel, fyr i bålpanner, vart det ei utruleg fin ramme kring dette arrangementet.
me fekk positiv omtatale, og med fokus takk for støtte til Tysnes Kraftalg i Bladet Tysnes, Tysnesingen både i forkant og etterkant, fleire innlegg på Facebook/delt bl.a på Treffstaden si eiga side.
- ungdommane snakkar mykje om dette i etterkant, dette var stor stas, og sjølvsagt ønsker dei å kome på utandørs kino igjen:-)
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes