Me gjennomførte UngdomsLAN etter planen lørdag 27/11, frå kl. 10 til kl.22. Det var totalt 21 ungdomar som var med denne dagen. Me hadde ulike konkurransar med premiering og serverte fleire måltid i løpet av dagen. Arrangementet vart svært vellukka! Det var god stemning blant ungdomen.
Me ser at det er både helsefremmande og førebyggande med slike tiltak. Me får ungdom som ellers sit mykje heime, ut av huset og inn i ein positiv sosial setting. Me hadde også utlåns-pcar til dei som ikkje eig sin eigen, så det var like muligheter for deltaking uansett familiens økonomiske bakgrunn.
Det vart servert lappar, frukt, pizzabagusettar, brus og hotdogs mm.
Tusen takk for at dåke er med på å støtta viktige arrangement for barn og unge!
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes