Valfaget «Produksjon for scene» har i haust sett opp teaterstykket «Folk og røvere i Kardemommeby» for både barnehagane på øya og for innbetalande publikumarar. Dette var eit stort prosjekt, der valfaget med elevar og lærar dreiv heile framdrifta av teateroppsettinga.
Mykje skulle på plass, både kostymer, kulissar, rekvisittar og planlegging av å ta imot barnehagane. Heldigvis kunne me i år gjenbruke dei kulissane me fekk snikra i fjor, berre ved å måle dei om. Kostymene var derimot litt vriene å få tak i lokalt. Til slutt enda me opp med å leige kostymer frå Frilynt teater i Sandefjord, der me fekk desse tilkøyrd av eit bodfirma.
Kostymene løfta stykket fleire hakk, og teaterstykket vart ein suksess. Utgiftene me søkte støtte til var manusleige og lydfiler frå dramas.no, kostymeleige Frilynt Norge og transport av kostymene.
Tusen takk for at de ville støtta oss!
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes