Foto: Camilla Korsnes/Bladet Tysnes
Årets 10. klasseshow gjekk av stabelen 23. og 24. februar og var heilt utseld på premieren og så godt som utseld på dag to.
Årets show heitte "Tysnes talent(lause), og var bygd opp som eit talentshow med eit rimeleg strengt domarpanel på tre ("Jan Thomas", "Kåre Martin Kleppe" og "Linn Skåber") Det var mange ulike nummer som vart framført på scena, både song, musikk, dans og sketsjar, og eit godt laga videoinnslag. 10. klasse opplevde stor dugnadsinnsats frå foreldra, både før og under dei to arrangementa, noko som gjorde gjennomføringa lettare.
Budsjettmessig vart utgiftene noko høgare i år enn året før. Komiteen valde tidleg i prosessen å ikkje setja opp prisen på billettane, då dei fleste utgifter har auka også for familiar. Støtta frå kraftlaget kom difor godt med, og me set stor pris på at de ville støtta årets 10. klasseshow.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes