Sidan bladet Tysnes kom ut med si fyrste sommaravis i 2008 med 44 sider og i eit opplag på 10.000 eksemplar, har "Opplev Tysnes" utvikla seg til å bli eit merkenamn og ein levande turistguide for sommaropplevingar i feriekommunen vår.
Avisa er blitt kjært motteke av lesarane og redaksjonen har fått mange positive tilbakemeldingar. Dei siste åra har opplaget vore på vel 25.000 aviser som er blitt sendt ut til alle i Bømlo, Stord, Fitjar, Austevoll, gamle Fusa og deler av Kvam og Kvinnherad.
I år hadde Tysnesfest i samarbeid med lokalt næringsliv ønskje om at sommaravisa også skulle nå ut til tidlegare Os kommune og søndre delar av Bergen.
For å få dette til vart det gjennom næringsrådet teke initiativ til å søkja Tysnes Kraftlag om midlar for å vera med å dekka inn auka trykke- og distribusjonskostnadar på vel 200.000 kroner.
Ei løyving frå Tysnes Kraftlag på tilsaman kr. 100.000 var eit viktig bidrag til at sommaravisa 2023 med sine 92 sider, kunne trykkast og sendast ut til heile 50.000 husstandar.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes