Tysnes Musikklag er stolte over å kunna laga til ein konsert i Tysneshallen som samlar eit publikum på nærare 300 personar. Med berre lokale artistar på scena klarte me å få til eit flott Abba-show som me har mange gode tilbakemeldingar på frå publikum. Det er kjekt å kunne gje publikum lokalt på Tysnes ei musikalsk oppleving som viser at Tysnes Musikklag kan meir enn å spela marsjar 17. mai og koma heim med gode resultat frå konkurransar utanom kommunen.
Bak ein konsert som Abba-showet i Tysneshallen 13. april, ligg det ein stor innsats av medlemane i Tysnes Musikklag. Gjennom fire dagar i påskeveka var medlemane i laget på plass for rigging, øving, lydprøvar og opprydding. Utan ein kjempeinnsats frå medlemane hadde me ikkje klart å laga til ein konsert som dette.
Samstundes er me svært glade for å kunna få støtte frå Tysnes Kraftlag ved så store arrangement som ABBA konserten. Det ligg mykje arbeid og mange timar førebuing for medlemmane i laget samstundes som det er store kostnadar for å leiga inn lys, lyd, scene og profesjonelle lydteknikarar. Det er vel usikkert om laget hadde våga å laga til konserten utan å ha økonomisk støtte frå Tysnes Kraftlag i ryggen.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes