Tysnes Musikklag kan sjå tilbake på ein flott jubileumstur til byen Garda og Gardasjøen i palmehelga. Korpset som i år kan feira 70 årsjubileum, ville bruka reisa til Italia til å setja ein ekstra spiss på jubileumsåret.
Dei 30 medlemmane i Tysnes Musikklag, saman med sju turistar som var med på reisa, fekk oppleva utfluktar til Sirmione, Verona og Venezia. Laget hadde og to konsertar på programmet der eine konserten var saman med eit lokalt korps i byen Caprino. Den andre var ein utekonsert i byen Garda som samla i overkant av 200 tilhøyrarar. Begge plassar hausta Tysnes Musikklag lovord for gode konsertar og eit høgt musikalsk nivå.
For Tysnes Musikklag blei det ein innhaldsrik og minneverdig tur som ikkje minst kunne by på kjekt sosialt samvære mellom medlemmane i alderen 14-70 år.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes