I mai 2024 vart to skilt montert i Tysnes kommune, eit dobbeltskilt på kaien i Våge og eit enkelt skilt på bakken vis a vis Jokerbutikken på Onarheim. Plassering av skiltet på kaien vart drøfta med Tysnes kommune v/Ingrid Tysnes Stue og ordførar Synnøve Bakke, samt klarert av Vestland Fylkeskommune etter søknad til Daniel Melve Kvarme. Mandelhuset v/ Patrick Madsen vart også forespurd med positiv respons.
Tanken var at skiltet på Onarheim skulle stå ved parkeringsplassen på Årbakka, men der stod det alt to skilt av ulik type, og eit tredje skilt med av anna type men delvis samanfallande informasjon ville ikkje ha vore til gagn for området. Me fekk difor løyve av grunneigar Gerhard Alsaker, via butíkksjef Lea Quistgard på Joker, å setje skiltet vis a vis butikken.
Skilta er produsert i solid corten-stål og aluminium og montert av EKH Grafisk i Molde. Grafisk design er gjort av Zpirit reklamebyrå på Stord. Alt innhald er levert av Geopark Sunnhordland. Folien kan lett skiftast for vedlikehald eller justering av innhaldet, og skilta kan fjernast utan andre spor enn skruehola i kaien. Onarheimskiltet står på nedgroven, flyttbar betongsokkel.
Teiglandsvegen 7, 5680 Tysnes